Utviklinga av WSJT-X går vidare. Kandidatversjon 3 (RC3) av WSJT-X 2.0 vart publisert 17. oktober 2018 og er no tilgjengeleg for nedlasting og betatesting. I den nye RC3-versjonen er det mellom anna bygd inn ein del ny funksjonalitet for kallesignal med ekstra suffiks, konkurransar, automatisk logging og ei betre algoritme for utrekning av signal/støyforhold. I tillegg er det komme ny fargekoding for dekoda signal med direkte identifikasjon av stasjonar som brukar Logbook of The World. Den nye versjonen av WSJT-X 2.0 kan lastast ned frå heimesida for WSJT-X.

Dette er den siste versjonen der ein kan dekode FT8-signal med både den gamle kodinga og den nye 77-bitskodinga. Frå og med neste versjon vil dei nye versjonane kun dekode dei nye 77-bitsmeldingane, så dersom du bruker FT8 kan det nok vere på tide å oppdatere seg på dei nye formata.

I samband med den nye kandidatversjonen er også hurtigstartvegleiinga for WSJT-X 2.0 oppdatert. Eg har omsett også den nye versjonen av hurtigstartvegleiinga, og den omsette vegleiinga kan du laste ned her  eller på heimesida for WSJT-X (der du også finn den engelske utgåva).

Lukke til med testinga av den nye WSJT-X-utgåva.

Frode LA6VQ