WSJT-X 2.7.0-rc5 med FT8 SuperFox

Ein ny betaversjon av WSJT-X er ute med verkeleg interessant nytt. Den finst på https://sourceforge.net/projects/wsjt/files/. SuperFox er ein ny måte for DX-pedisjonar å handtere opp til ni ulike kontakter på same tid. Modusen byggjer opp signalet frå ekspedisjonen på ein ny måte ved at det vert send eitt samla signal som er 1512 Hz breitt og som inneheld meldingane til opptil ni ulike stasjonar samstundes. Dette aukar kapasiteten mykje og gjere det langt enklare å nå fram i ein pile-up. Sidan 2018 har vi hatt FT8 DX-pedisjonsmodus (også kalla «Fox/Hound») som har kunna sende opptil fem ulike signalstraumar til fem ulike stasjonar samstundes, og då slik at den samla sendeeffekten vert fordelt på kvar av straumane, medan SuperFox sender eitt signal med full effekt som kvar av dei opptil ni motpartane dekodar for sin del av signalet.
SuperFox-modusen er utvikla med tanke på DX-pedisjonen N5J til Jarvis Island i Stillehavet i august 2024, men ifølge e-post i går frå Joe Taylor, K1JT, kan den også bli testa av K8N på American Samoa allereie mellom 8.  og 25. juli.
Den etablerte Fox/Hound-modusen vart dessverre sabotert av eit kloneprogram som opna for bruk av modusen på standarfrekvensar for FT8 og for sending i alle sendeperiodar. SuperFox vil innføre ei ordning der kun førehandsgodkjende DX-pedisjonar med seriøs operasjon blir tildelt ein nøkkelkode som trengst for å kunne sende som SuperFox. På denne måten sperrar ein for piratar og unngår også at nokså lite interessante stasjonar legg seg på standardfrekvensar og skapar pile-up og heilt unødig QRM for stasjonar som ikkje er interesserte.
Norsk brukarvegleiing for SuperFox-modusen finst på denne linken. Les den, så du skjønnar korleis SuperFox virkar.
Uwe, DG2YCB, er medlem av utviklingsgruppa for WSJT-X. Han arbeider også med ein eigen klone av WSJT-X kalla WSJT-X Improved. Der vert det testa ut løsyingar som seinare kan verte inkludert i standardutgåva av WSJT-X. Uwe har laga ein YouTube-video der han viser korleis SuperFox virkar med WSJT-X og WSJT-X Improved.
Husk at når du brukar ein betaversjon av programvare, så er utviklarane alltid interesserte i å høyre om alle feil og pussigheiter du måtte finne, så meld frå om du finn noko.
Lukke til med testinga av SuperFox.
73, Frode LA6VQ