Den 27. september 2021 publiserte WSJT-X-utviklarane den endelege versjonen av digitalmodusprogrammet WSJT-X 2.5.0 etter at seks betaversjonar har vore publiserte sidan tidleg i juni. Du finn WSJT-X versjon 2.5.0 for nedlasting på WSJT-X sine heimesider.

Versjon 2.5.0 inneheld vidareutviklingar av den nye modusen Q65 som vart introdusert i versjon 2.4.0. I tillegg er hjelpeprogrammet MAP65 komme i versjon 3.0. MAP65 samarbeider med Q65 for å betre resultata for JT65, særleg for EME-samband.

Riggstyringsmodulen Hamlib er også oppdatert til versjon 4.3.1, mest for å rette opp nokre feil som lurte seg inn i føregåande versjon.

Som vanleg har eg oppdatert den norske brukarvegleiinga. Den finn du på Bergensgruppen sine heimesider og på WSJT-X sine heimesider. Skulle du finne noko feil i omsetjinga, er det fint om du melder frå.

Lukke til med WSJT-X versjon 2.5.0.

73, Frode LA6VQ