Det populære svaksignalprogrammet WSJT-X kom i ny versjon 2.4.0 som vart publisert 24. mai. WSJT-X 2.4.0 kan lastast ned frå WSJT-X si nettside. Denne versjonen inneheld ein ny modus som heiter Q65. Denne modusen erstattar ISCAT- og QRA-64-modusane. Q65 er spesielt tenkt for bruk på EME (signal via månen), ulike typar scatter-signal (via meteorar, troposfæren, fly, regn, etc.) og andre signaltypar med ekstremt svake signal, særleg med tanke på bruk på VHF og høgare frekvensar. I tillegg er det som alltid litt brukarforbetringar og retting av småfeil.

Som vanleg har eg oppdatert den norske brukarvegleiinga som no heiter WSJT-X 2.4.0 Norsk brukarvegleiing. Du finn den også på brukarvegleiingar til WSJT-X på WSJT-X si heimeside.

Skulle du finne feil og uklare formuleringar, er det fint om du gjev meg beskjed.

Lukke til med WSJT-X 2.4.0.

73, Frode LA6VQ