Programmet WSJT-X 2.3.0 kom i endeleg versjon i dag 1. februar 2021, etter fire betaversjonar sidan slutten av september 2020. Dei viktigaste endringane frå versjon 2.2.2, som kom i juni 2020,  er to nye modus kalla FST4 og FST4W. FST står for etternamna til K9AN Steven Franke, G4WJS Bill Somerville og K1JT Joe Taylor, dei tre hovedpersonane bak WSJT-X dei siste åra.

Dei nye modusa er særleg tenkt brukte på langbølge (LF) og mellombølge (MF), i praksis 600 meter- og 2200-meterbanda. Begge modusa finst i fleire submodus som er knytte til lengda på sende- og mottakssekvensane. FST4, som ikkje må forvekslast med FT4, har sendesekvensar mellom 15 sekund og 1800 sekund (30 minutt) og kan dekode signal med SNR frå -20,7 dB (15 sekund) til -43,2 dB (1800 sekund). FT8 dekoder ned til -21 dB og FT4 til -17,5 dB, så forbetringa er ganske stor.

FST4W verkar på same måten som WSPR, men er spesielt tilpassa bruk på MF- og LF-banda som gjerne har meir QSB og QRM enn kortbølgebanda. PÅ same måte som FST4 har også FST4W har fleire submodus med sende/mottakssekvensar som varierer mellom 120 sekund (som WSPR) og 1800 sekund. FST4W kan dekode signal med SNR frå -32,8 dB (120 sekund) til -44,8 dB (1800 sekund). Til samanlikning dekoder WSPR ned til -31 dB SNR.

Ut over dei to nye modusa er det gjort ein del feilrettingar og mindre forbetringar og justeringar frå versjon 2.2.2.

Som vanleg finn du siste versjon av programmet på WSJT-X sine heimesider. Der kjem også  den norske brukarvegleiinga når Joe Taylor får lasta den opp, men den norske brukarvegleiinga for WSJT-X 2.3.0 finst sjølvsagt også klar for nedlasting her på LA1B sin sider.

Skulle du finne feil eller forbetringar som bør gjerast i den norske omsetjinga, høyrer eg veldig gjerne frå deg.

Lukke til med den nye versjonen av WSJT-X.

73, Frode LA6VQ