WSJT-X 2.2.0-rc1 – Ny betaversjon av WSJT-X er ute

WSJT-X 2.2.0-rc1 – Ny betaversjon av WSJT-X er ute

WSJT-X, programmet for svake digitale signal,  er komme i ny beta-versjon kalla WSJT-X 2.2.0-rc1. Brukarvegleiinga til den nye versjonen finn du på WSJT-X 2.2.0-rc1 – Brukerveiledning, norsk. Den er omsett av LA6VQ Frode, som gjerne høyrer frå deg om du finn feil eller noko du ikkje forstår.

“-rc1” står for “release candidate 1” (utgjevingskandidat 1), dvs. ein beta-versjon som er sendt ut for testing i større skala. Tek du den i bruk, er det viktig at du melder tilbake til utviklargruppa dersom du finn feil eller at programmet oppfører seg på ein uventa måte. Sidan den nye versjonen er ei beta-utgåve, kan den kun brukast til 10. juni 2020. Ifølgje e-post frå Joe Taylor, K1JT, vil det komme ny beta-versjon måndag 25. mai.

WSJT-X 2.2.0-rc1 inneheld mange forbetringar. For FT8 er dekodinga no delt i tre omgangar, der første dekodingomgang startar etter 11,8 sekund av den 15 sekund lange mottakssekvensen og gjev deg omlag 85 % av dekodingane. Den to siste startar etter 13,5 sekund og 14,7 sekund. Samla sett gjev dette omlag 10 % fleire dekodingar på eit tettpakka band. Signalrapportane er no meir korrekte både for sterke og svake signal. For andre modus som FT4, JT4, JT65 og WSPR er det også gjort endringar som gjev betre dekoding.

Måten ein sender og dekoder meldingsformatet for EU VHF Contest er endra og er ikkje kompatibel med tidlegare versjoner.  Alle som vil køyre contestar som nyttar meldingsformatet til EU VHF Contest må derfor laste ned den nye versjon 2.2.0 straks den kjem i endeleg utgåve. Det er også laga eit eige meldingsformat for WW Digi DX Contest som går siste helga i august.

Lukke til med testinga.

73 Frode LA6VQ

By |2020-05-23T20:33:48+00:0023.5.2020|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|
Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"