WSJT-X 2.1.0 Norsk brukarvegleiing – Ny konkurranse for FT4 og FT8

WSJT-X 2.1.0 Norsk brukarvegleiing – Ny konkurranse for FT4 og FT8

Framsida på WSJT-X 2.1.0 Brukerveiledning

WSJT-X-programmet kom ut i ny versjon i midten av juli. Versjon 2.1.0 inneheld ein ny modus kalla FT4. Denne modusen er utvikla for å vere ein konkurransemodus, ikkje for vanleg operasjon. Med sendesekvens og mottakssekvens kvar på 7,5 sekund er FT4 dobbelt så rask som FT8. For å greie det treng FT4 83,3 Hz bandbreidd mot 50 Hz for FT8. FT4 har også ein noko høgare terskel for dekoding. FT4 dekoder ved signal-støyforhold ned til -17,5 dB, medan FT8 dekoder ned til -21 dB, dvs. 3,5 dB djupare enn FT4.

WSJT-X 2.1.0 inneheld også forbetringar i korleis signalbølgeformene vert genererte, raskare dekoding og fleire andre mindre forbetringer. Fram til no har Windows-utgåvene av programmet vore like for Windows 32-bit og 64-bit operativsystem. Windows-utgåva av WSJT-X 2.1.0 kjem no i både 32-bit- og 64-bit-versjonar, der 64-bit-versjonen gjev endå raskare dekoding enn før.

Som tidlegare har eg oppdatert brukarvegleiinga også for versjon 2.1.0.  WSJT-X 2.1.0 Brukerveiledning på norsk finn du her. Du vil også finne den på WSJT-X si heimeside når Joe Taylor K1JT får tid til å laste den opp.

Det kan vere smart å bokmerke linken i nettlesaren din og også å gjere den tilgjengeleg når du ikkje er tilkobla internettet. Som alltid er det mykje å lære for den som vil setje seg inn i korleis WSJT-X verkar.

 

World Wide Digi DX Contest – Ny verdsomspennande konkurranse for FT4 og FT8

Dei som vil prøve FT4 og FT8 i konkurranse får høve til det i den nye store konkurransen World Wide Digi DX Contest som vil  gå føre seg seg frå laurdag 31. august 12oo UTC til søndag 1. september 1159 UTC. De finn reglane for WW Digi DX Contest, med norsk omsetjing i høgre sidestolpe.

Lukke til med WSJT-X 2.1.0.

Finn du trykkfeil eller andre feil i omsetjingane, høyrer eg gjerne frå deg.

73 Frode LA6VQ

By |2019-08-02T13:28:15+00:002.8.2019|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|
Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"