WSJT-X 2.0-rc5 er ute – med norsk omsetjing

WSJT-X 2.0-rc5 er ute – med norsk omsetjing

WSJT-X 2.0 kom i kandidatversjon 5 (RC5) den 26. november. Dette er den siste kandidatversjonen før den ordinære versjonen vert utgjeven den 10. desember. RC5 inneheld feilrettingar og nokre nye funksjonar. Denne versjonen kan kun brukast med den nye 77-bitsprotokollen som vart introdusert i den førse kandidatversjonen (RC1) av WSJT-X 2.0. Dersom du vil bruke den gamle 75-bitsprotokollen eller FT8 DXpedisjonsmodus må du bruke den siste ordinære versjonen som er WSJT-X 1.9.1.

Du kan laste ned den nye kandidatversjon 5 frå WSJT-X si heimeside. Også for denne versjonen har eg omsett hurtigstartguiden. Den norske hurtigstartguiden finst også på heimesida til WSJT-X. Før du tek i bruk programmet vil eg sterkt tilrå at du les nøye gjennom hurtigstartguiden og set deg godt inn i det som står der. Det vil truleg spare deg for litt frustrasjon, men også gjere deg klar for fullversjonen av WSJT-X 2.0 når den kjem om nokre veker.

Lukke til med testinga av WSJT-X 2.0-rc5.

73 Frode LA6VQ

By |2018-11-29T15:57:00+00:0029.11.2018|Nyheter|
Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"