WSJT-X 2.0 kandidatversjon 4 er klar – med norske instruksar

WSJT-X 2.0 kandidatversjon 4 er klar – med norske instruksar

Kandidatversjon 4 av den nye WSJT-X versjon 2.0 vart tilgjengeleg den 12. november, nett som planlagt. Det viktigaste i denne versjonen er at den gamle versjonen av FT8 no er kutta ut, slik at denne versjonen kun inneheld FT8 i den nye 75-bitsprotokollen som vert introdusert i versjon 2.0. Dersom ein vil bruke den gamle FT8-protokollen, må ein bruke WSJT-X 1.9.1. Den nye versjonen er mest truleg siste betaversjon før den endelege fullversjonen av WSJT-X 2.0 vert utgjeven omlag 10. desember. Naudsynte feilrettingar som ikkje kan vente til fullversjonen kjem, vil eventuelt bli retta i ein ny kandidatversjon innan eit par veker. Kandidatversjon 4 vil ikkje verke lenger enn til 31. desember, på same måten som kandidatversjon 3 som vart utgjeven for ein månad siden, ikkje vil verke lenger enn til 30. november  2018.

Også den nye versjonen er vidareutvikla for konkurransebruk. Ein kan no også bruke kallesignal som ikkje har standard format, t.d. YW50FIFA, eller som er samansett, t.d. SM4/LA6VQ. I tillegg er ein del feil retta opp. Dersom du vil teste den nye versjonen og gjere deg kjend med korleis den verkar, kan du laste den ned frå WSJT-X-sida.

Også for denne versjonen er det laga ein oppdatert “Quick Start Guide”, som eg har omsett til norsk. Den norske omsetjinga kan du også laste ned frå WSJT-X-sida, i tillegg til at du finn den her. Les den nøye før du går i gong med kandidatversjon 4.

Lukke til med testinga.

73 Frode LA6VQ

 

By |2018-11-14T19:08:18+00:0014.11.2018|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|
Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"