Programvare

11 01, 2023

WSJT-X: Endeleg versjon 2.6.0, ny nettstad, oppdatert norsk brukarvegleiing

By |2023-01-13T10:53:35+01:0011.1.2023|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare|

Svaksignalprogrammet WSJT-X er no komme i endeleg versjon 2.6.0 og kan lastast ned frå WSJT-X, ny heimeside. Som mange nok har fått med seg, har WSJT-X sine heimesider vore utilgjengeleg nokre veker i samband med at Princeton University legg om server-strukturen sin.  WSJT-X sine heimesider er no mellombels flytta til Sourceforge.net, ein nettstad for program med open kjeldekode. Det kan vere greit å bokmerke den nye nettstaden for WSJT-X.

Dei viktigaste endringane i WSJT-X 2.6.0 er nye knappar for direkteval av ulike modus og for Hound-modus, støtte for ARRL International Digital Contest, forbetringar for FT8- og  Q65-modusa og for EME Echo-modus, operasjonsforbetringar for Fox-operatørar,  forbetringar for redigering og oppdatering av frekvenslista og forbetringar for contest-logging. I tillegg har ein retta opp i større og mindre feil frå tidlegare versjonar.

Eg har også oppdatert norsk brukarvegleiing for WSJT-X 2.6.0. Som alltid høyrer eg gjerne om trykkfeil og unøyaktige omsetjingar.

Lukke til med WSJT-X 2.6.0.

73, Frode LA6VQ

7 01, 2022

WSJT-X 2.5.4 – Ny versjon med norsk brukarvegleiing

By |2022-01-07T13:24:14+01:007.1.2022|Aktiviteter, Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare|

Det nye året vart innleidd med ny versjon 2.5.4 av det populære digitalmodusprogrammet WSJT-X. Denne versjonen inneheld hovudsakleg feilrettingar, m.a. retting av ein feil i v2.5.3 som gjorde at programmet kunne stenge ned under sending til stasjonar med “/” (skråstrek) i kallesignalet. Programmet og oppdatert norsk brukarvegleiing finn du på WSJT-X sine heimesider eller her på LA1B.no sine sider.

Lukke til med ny versjon.

Godt Nytt År og 73,

Frode LA6VQ

1 10, 2021

WSJT-X er kommen i versjon 2.5 med oppdatert norsk brukarvegleiing

By |2021-10-01T16:00:47+01:001.10.2021|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Den 27. september 2021 publiserte WSJT-X-utviklarane den endelege versjonen av digitalmodusprogrammet WSJT-X 2.5.0 etter at seks betaversjonar har vore publiserte sidan tidleg i juni. Du finn WSJT-X versjon 2.5.0 for nedlasting på WSJT-X sine heimesider.

Versjon 2.5.0 inneheld vidareutviklingar av den nye modusen Q65 som vart introdusert i versjon 2.4.0. I tillegg er hjelpeprogrammet MAP65 komme i versjon 3.0. MAP65 samarbeider med Q65 for å betre resultata for JT65, særleg for EME-samband.

Riggstyringsmodulen Hamlib er også oppdatert til versjon 4.3.1, mest for å rette opp nokre feil som lurte seg inn i føregåande versjon.

Som vanleg har eg oppdatert den norske brukarvegleiinga. Den finn du på Bergensgruppen sine heimesider og på WSJT-X sine heimesider. Skulle du finne noko feil i omsetjinga, er det fint om du melder frå.

Lukke til med WSJT-X versjon 2.5.0.

73, Frode LA6VQ

9 06, 2021

Elektronisk logging, nettmøte 31. mai 2021

By |2021-06-09T12:19:05+01:009.6.2021|Aktiviteter, Digital, HF-SEKSJON, Møter, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Den 31. mai 2021 kl 20.00 heldt Bergensgruppen nettmøte for medlemer og andre interesserte. Temaet var “Elektronisk logging”. LA6VQ Frode gjekk gjennom ulike sider av logging, elektronisk logging, krav til gode loggprogram, integrasjon mot nettbaserte QSL- og loggsystem og viste kort et lite utval av dei mest populære av dei meir enn 100 ulike program som finst for elektronisk logging. . Presentasjonen finn du her.

Mot slutten av presentasjonen demonstrerte Frode “live” opplasting av QSO-ar frå HRD Logbook til Logbook of the World og eQSL. Deretter viste han tilsvarande “live” nedlasting av eQSL og verifiserte QSO-ar frå Logbook of the World. Deretter hadde vi ei god runde med kommentarar, spørsmål og svar.

For dei som har lyst til å starte med Logbook of the World, finst det no ein betre brukarmanual enn den som finst på Logbook of the World sine heimesider. Frode held på med ei norsk omsetjing, men den norske utgåva ligg nok litt fram i tid.

Har du spørsmål om elektronisk logging, er det berre å ta kontakt med oss i Bergensgruppen, så skal vi nok finne ut av det.

Lukke til med elektronisk logging.

27 05, 2021

WSJT-X 2.4.0 er tilgjengeleg, med norsk brukarvegleiing

By |2021-12-13T23:05:07+01:0027.5.2021|Contesting, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Det populære svaksignalprogrammet WSJT-X kom i ny versjon 2.4.0 som vart publisert 24. mai. WSJT-X 2.4.0 kan lastast ned frå WSJT-X si nettside. Denne versjonen inneheld ein ny modus som heiter Q65. Denne modusen erstattar ISCAT- og QRA-64-modusane. Q65 er spesielt tenkt for bruk på EME (signal via månen), ulike typar scatter-signal (via meteorar, troposfæren, fly, regn, etc.) og andre signaltypar med ekstremt svake signal, særleg med tanke på bruk på VHF og høgare frekvensar. I tillegg er det som alltid litt brukarforbetringar og retting av småfeil.

Som vanleg har eg oppdatert den norske brukarvegleiinga som no heiter WSJT-X 2.4.0 Norsk brukarvegleiing. Du finn den også på brukarvegleiingar til WSJT-X på WSJT-X si heimeside.

Skulle du finne feil og uklare formuleringar, er det fint om du gjev meg beskjed.

Lukke til med WSJT-X 2.4.0.

73, Frode LA6VQ

16 04, 2021

WSJT-X 2.3.1 og WSJT-X 2.4.0-rc4

By |2021-04-16T12:58:26+01:0016.4.2021|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Den digitale programvaren WSJT-X er kommen i to nye versjonar, ein endeleg versjon WSJT-X 2.3.1 og ein vidareutvikla betaversjon WSJT-X 2.4.0-rc4. Dei kan lastast ned frå WSJT-X si heimeside.

WSJT-X 2.3.1 inneheld stort sett mindre feilrettingar frå tidlegare versjonar (2.3.0 og tidlegare). Dette er ein endeleg versjon som kan brukast på vanleg måte. Norsk brukarvegleiing (på bokmål) til WSJT-X 2.3.1 finn du på linken WSJT-X 2.3.1 Norsk brukarvegleiing

Samstundes med den endelege versjon 2.3.1 kom også WSJT-X 2.4.0-rc4, som er den fjerde betaversjonen (“rc4” betyr “release candidate 4”) av WSJT-X 2.4. Utviklarane av WSJT-X reknar med at dei som tek i bruk betaversjonane melder tilbake til utviklingsgjengen om det er noko som ikkje verkar som ein skulle vente. Versjon 2.4.0-rc4 inneheld ein ny modus som vert kalla Q65 og som primært er tenkt å erstatte modusen modusen QRA64. Modusen ISCAT er også avlutta i denne versjonen. Q65 er særleg utvikla med sikte på bruk på VHF/UHF og høgare band til spesielt krevjande modus som EME, ulike scatter-modus (troposfærisk scatter, ionosfærisk scatter, regn-scatter, etc.) og transekvatorial propagasjon (TEP).  Linken til norsk brukarvegleiing er WSJT-X 2.4.0-rc4 Norsk brukarvegleiing.

Som alltid er eg takksam for kommentarar og feilretting av omsetjingane.

Lukke til med dei nye versjonane.

73, Frode LA6VQ

1 02, 2021

WSJT-X 2.3.0 er ute og brukarvegleiing på norsk er klar

By |2021-02-01T23:45:42+01:001.2.2021|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare|

Programmet WSJT-X 2.3.0 kom i endeleg versjon i dag 1. februar 2021, etter fire betaversjonar sidan slutten av september 2020. Dei viktigaste endringane frå versjon 2.2.2, som kom i juni 2020,  er to nye modus kalla FST4 og FST4W. FST står for etternamna til K9AN Steven Franke, G4WJS Bill Somerville og K1JT Joe Taylor, dei tre hovedpersonane bak WSJT-X dei siste åra.

Dei nye modusa er særleg tenkt brukte på langbølge (LF) og mellombølge (MF), i praksis 600 meter- og 2200-meterbanda. Begge modusa finst i fleire submodus som er knytte til lengda på sende- og mottakssekvensane. FST4, som ikkje må forvekslast med FT4, har sendesekvensar mellom 15 sekund og 1800 sekund (30 minutt) og kan dekode signal med SNR frå -20,7 dB (15 sekund) til -43,2 dB (1800 sekund). FT8 dekoder ned til -21 dB og FT4 til -17,5 dB, så forbetringa er ganske stor.

FST4W verkar på same måten som WSPR, men er spesielt tilpassa bruk på MF- og LF-banda som gjerne har meir QSB og QRM enn kortbølgebanda. PÅ same måte som FST4 har også FST4W har fleire submodus med sende/mottakssekvensar som varierer mellom 120 sekund (som WSPR) og 1800 sekund. FST4W kan dekode signal med SNR frå -32,8 dB (120 sekund) til -44,8 dB (1800 sekund). Til samanlikning dekoder WSPR ned til -31 dB SNR.

Ut over dei to nye modusa er det gjort ein del feilrettingar og mindre forbetringar og justeringar frå versjon 2.2.2.

Som vanleg finn du siste versjon av programmet på WSJT-X sine heimesider. Der kjem også  den norske brukarvegleiinga når Joe Taylor får lasta den opp, men den norske brukarvegleiinga for WSJT-X 2.3.0 finst sjølvsagt også klar for nedlasting her på LA1B sin sider.

Skulle du finne feil eller forbetringar som bør gjerast i den norske omsetjinga, høyrer eg veldig gjerne frå deg.

Lukke til med den nye versjonen av WSJT-X.

73, Frode LA6VQ

4 06, 2020

WSJT-X 2.2.0 er klar for nedlasting

By |2020-06-04T22:22:59+01:004.6.2020|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

WSJT-X 2.2.0 i endeleg versjon vart tilgjengeleg for nedlasting 2. juni 2020. Den kan nedlastast frå WSJT-X sine heimesider.

Versjon 2.2.0 inneheld klare forbetringar av dekodinga for nesten alle modusa i WSJT-X. Til dømes dekoder FT8 no meldingane i tre omgongar mot slutten av kvar 15 sekunds mottakssekvens, første gong etter 11,8 sekund og siste gong etter 14,7 sekund. Når det er tett på bandet, gjev dette gjennomsnittleg 10 % fleire dekodingar. I tillegg er det no laga eige meldingsformat for WW Digi DX Contest (som kjem i slutten av august). Meldingsformatet for EU VHF Contest endra og er ikkje lenger kompatibelt med tidlegare versjonar av WSJT-X, så dersom du skal delta i contest som bruke dette meldingsformatet, du bruke den nye versjon 2.2.0.

Brukarvegleiinga for WSJT-X 2.2.0 er omsett til norsk og finst både på WSJT-X sine heimesider og på WSJT-X 2.2.0 Norsk brukerveiledning. Frå og med denne versjonen er grensenittet for WSJT-X førebudd også for andre språk enn engelsk og det vil eg nok også sjå på om litt.

Last ned WSJT-X 2.2.0  og prøv dei nye funksjonane.

Lukke til.

73 Frode LA6VQ

 

 

 

29 05, 2020

WSJT-X 2.2.0-rc3 klar for testing – med norsk brukarvegleiing

By |2020-05-29T18:41:07+01:0029.5.2020|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

WSJT-X versjon 2.2.0 er kommen i betaversjon nr 3, kalla WSJT-X 2.2.0-rc3. Dersom du vil vere med på betatesting av dette svært populære programmet for svake signal, kan du laste det ned frå WSJT-X si heimeside.

Brukarvegleiing på norsk finst på Norsk brukarvegleiing for WSJT-X 2.2.0-rc3. Den er omsett til norsk av LA6VQ Frode.

Den viktigaste endringa i denne tredje betaversjonen er oppdatering av hamlib-koden som vert brukt til dataassistert styring av mange typar radioar. Elles er det nokre rettinger av mindre feil i dei to føregåande betaversjonane.

Det er venta at den endelege versjonen av WSJT-X 2.2.0 (dvs. utan -rc#) vert utgjeven første veka i juni.

God testing til dei som vil betateste og god pinse til alle.

73 LA6VQ Frode

 

23 05, 2020

WSJT-X 2.2.0-rc1 – Ny betaversjon av WSJT-X er ute

By |2020-05-23T20:33:48+01:0023.5.2020|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

WSJT-X, programmet for svake digitale signal,  er komme i ny beta-versjon kalla WSJT-X 2.2.0-rc1. Brukarvegleiinga til den nye versjonen finn du på WSJT-X 2.2.0-rc1 – Brukerveiledning, norsk. Den er omsett av LA6VQ Frode, som gjerne høyrer frå deg om du finn feil eller noko du ikkje forstår.

“-rc1” står for “release candidate 1” (utgjevingskandidat 1), dvs. ein beta-versjon som er sendt ut for testing i større skala. Tek du den i bruk, er det viktig at du melder tilbake til utviklargruppa dersom du finn feil eller at programmet oppfører seg på ein uventa måte. Sidan den nye versjonen er ei beta-utgåve, kan den kun brukast til 10. juni 2020. Ifølgje e-post frå Joe Taylor, K1JT, vil det komme ny beta-versjon måndag 25. mai.

WSJT-X 2.2.0-rc1 inneheld mange forbetringar. For FT8 er dekodinga no delt i tre omgangar, der første dekodingomgang startar etter 11,8 sekund av den 15 sekund lange mottakssekvensen og gjev deg omlag 85 % av dekodingane. Den to siste startar etter 13,5 sekund og 14,7 sekund. Samla sett gjev dette omlag 10 % fleire dekodingar på eit tettpakka band. Signalrapportane er no meir korrekte både for sterke og svake signal. For andre modus som FT4, JT4, JT65 og WSPR er det også gjort endringar som gjev betre dekoding.

Måten ein sender og dekoder meldingsformatet for EU VHF Contest er endra og er ikkje kompatibel med tidlegare versjoner.  Alle som vil køyre contestar som nyttar meldingsformatet til EU VHF Contest må derfor laste ned den nye versjon 2.2.0 straks den kjem i endeleg utgåve. Det er også laga eit eige meldingsformat for WW Digi DX Contest som går siste helga i august.

Lukke til med testinga.

73 Frode LA6VQ

27 11, 2019

Ny versjon: WSJT-X versjon 2.1.2 er ute, med norsk brukarvegleiing

By |2019-11-27T17:19:59+01:0027.11.2019|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Måndag 25. november publiserte WSJT-X-gruppa ei oppdatering av WSJT-X, no til versjon 2.1.1. Denne oppdateringa retta mindre feil som fanst i versjon 2.0.1 som kom i sommar. På grunn av ein nylaga feil i det innebygde riggstyringsprogrammet OmniRig kom det neste dag ein versjon 2.1.2 som retta den nye OmniRig-feilen.

Som vanleg er den norske omsetjinga av brukarvegleiinga til versjon 2.1.2 raskt oppdatert og finst på WSJT-X 2.1.2 Brukerveiledning, norsk, på LA1B.no og på WSJT-X sine heimesider WSJT-X 2.1.2 Brukerveiledning, norsk, på K1JT sin WSJT-X-side.

Det er mykje nyttig å lære om ein bruker litt tid til å setje seg inn korleis programmet verkar.

73 og god lesnad, Frode LA6VQ

2 08, 2019

WSJT-X 2.1.0 Norsk brukarvegleiing – Ny konkurranse for FT4 og FT8

By |2019-08-02T13:28:15+01:002.8.2019|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Framsida på WSJT-X 2.1.0 Brukerveiledning

WSJT-X-programmet kom ut i ny versjon i midten av juli. Versjon 2.1.0 inneheld ein ny modus kalla FT4. Denne modusen er utvikla for å vere ein konkurransemodus, ikkje for vanleg operasjon. Med sendesekvens og mottakssekvens kvar på 7,5 sekund er FT4 dobbelt så rask som FT8. For å greie det treng FT4 83,3 Hz bandbreidd mot 50 Hz for FT8. FT4 har også ein noko høgare terskel for dekoding. FT4 dekoder ved signal-støyforhold ned til -17,5 dB, medan FT8 dekoder ned til -21 dB, dvs. 3,5 dB djupare enn FT4.

WSJT-X 2.1.0 inneheld også forbetringar i korleis signalbølgeformene vert genererte, raskare dekoding og fleire andre mindre forbetringer. Fram til no har Windows-utgåvene av programmet vore like for Windows 32-bit og 64-bit operativsystem. Windows-utgåva av WSJT-X 2.1.0 kjem no i både 32-bit- og 64-bit-versjonar, der 64-bit-versjonen gjev endå raskare dekoding enn før.

Som tidlegare har eg oppdatert brukarvegleiinga også for versjon 2.1.0.  WSJT-X 2.1.0 Brukerveiledning på norsk finn du her. Du vil også finne den på WSJT-X si heimeside når Joe Taylor K1JT får tid til å laste den opp.

Det kan vere smart å bokmerke linken i nettlesaren din og også å gjere den tilgjengeleg når du ikkje er tilkobla internettet. Som alltid er det mykje å lære for den som vil setje seg inn i korleis WSJT-X verkar.

 

World Wide Digi DX Contest – Ny verdsomspennande konkurranse for FT4 og FT8

Dei som vil prøve FT4 og FT8 i konkurranse får høve til det i den nye store konkurransen World Wide Digi DX Contest som vil  gå føre seg seg frå laurdag 31. august 12oo UTC til søndag 1. september 1159 UTC. De finn reglane for WW Digi DX Contest, med norsk omsetjing i høgre sidestolpe.

Lukke til med WSJT-X 2.1.0.

Finn du trykkfeil eller andre feil i omsetjingane, høyrer eg gjerne frå deg.

73 Frode LA6VQ

1 02, 2019

Norsk omsetjing av brukarvegleiinga for WSJT-X 2.0

By |2019-04-17T18:07:42+01:001.2.2019|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Det er no utarbeidd ei omsetjing til norsk (bokmål for dei som måtte uroe seg) av heile brukarhandboka for WSJT-X 2.0, ein programpakke for digitale modus der programmet FT8 for tida er svært populært. Det er LA6VQ Frode som har omsett også denne brukarvegleiinga for WSJT-X.

Omsetjinga er lagt ut som ei nettside og finst som link på Bergensgruppen si heimeside LA1B.no WSJT-X 2.0 på norsk – LA1B.no og på WSJT-X 2.0 på norsk – K1JT. Utforminga som ei nettside gjer den lettare å halde oppdatert etter som programmet kjem i nye versjonar. Utforminga er identisk med den engelske originalen.

Det er mykje nytt og nyttig å lære ved å lese gjennom brukarvegleiinga. Alle som brukar eitt eller fleire av programma i programpakken WSJT-X vil ha god nytte av å lese gjennom brukarvegleiinga og vil etterpå forstå mykje betre korleis programmet verkar og kvifor. Det kan vere lurt å setje bokmerke på linken, og gjere den tilgjengeleg også når du ikkje er tilkobla internett slik at du kan lese når du vil.

Finn du feil, trykkfeil, eller har forslag til forbetringar, er eg svært takksam for konkrete tilbakemeldingar.

73 Frode LA6VQ

14 11, 2018

WSJT-X 2.0 kandidatversjon 4 er klar – med norske instruksar

By |2018-11-14T19:08:18+01:0014.11.2018|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Kandidatversjon 4 av den nye WSJT-X versjon 2.0 vart tilgjengeleg den 12. november, nett som planlagt. Det viktigaste i denne versjonen er at den gamle versjonen av FT8 no er kutta ut, slik at denne versjonen kun inneheld FT8 i den nye 75-bitsprotokollen som vert introdusert i versjon 2.0. Dersom ein vil bruke den gamle FT8-protokollen, må ein bruke WSJT-X 1.9.1. Den nye versjonen er mest truleg siste betaversjon før den endelege fullversjonen av WSJT-X 2.0 vert utgjeven omlag 10. desember. Naudsynte feilrettingar som ikkje kan vente til fullversjonen kjem, vil eventuelt bli retta i ein ny kandidatversjon innan eit par veker. Kandidatversjon 4 vil ikkje verke lenger enn til 31. desember, på same måten som kandidatversjon 3 som vart utgjeven for ein månad siden, ikkje vil verke lenger enn til 30. november  2018.

Også den nye versjonen er vidareutvikla for konkurransebruk. Ein kan no også bruke kallesignal som ikkje har standard format, t.d. YW50FIFA, eller som er samansett, t.d. SM4/LA6VQ. I tillegg er ein del feil retta opp. Dersom du vil teste den nye versjonen og gjere deg kjend med korleis den verkar, kan du laste den ned frå WSJT-X-sida.

Også for denne versjonen er det laga ein oppdatert “Quick Start Guide”, som eg har omsett til norsk. Den norske omsetjinga kan du også laste ned frå WSJT-X-sida, i tillegg til at du finn den her. Les den nøye før du går i gong med kandidatversjon 4.

Lukke til med testinga.

73 Frode LA6VQ

 

18 10, 2018

WSJT-X versjon 2.0 – kandidatversjon 3 er ute, inkludert omsett vegleiing

By |2018-10-21T18:50:40+01:0018.10.2018|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Utviklinga av WSJT-X går vidare. Kandidatversjon 3 (RC3) av WSJT-X 2.0 vart publisert 17. oktober 2018 og er no tilgjengeleg for nedlasting og betatesting. I den nye RC3-versjonen er det mellom anna bygd inn ein del ny funksjonalitet for kallesignal med ekstra suffiks, konkurransar, automatisk logging og ei betre algoritme for utrekning av signal/støyforhold. I tillegg er det komme ny fargekoding for dekoda signal med direkte identifikasjon av stasjonar som brukar Logbook of The World. Den nye versjonen av WSJT-X 2.0 kan lastast ned frå heimesida for WSJT-X.

Dette er den siste versjonen der ein kan dekode FT8-signal med både den gamle kodinga og den nye 77-bitskodinga. Frå og med neste versjon vil dei nye versjonane kun dekode dei nye 77-bitsmeldingane, så dersom du bruker FT8 kan det nok vere på tide å oppdatere seg på dei nye formata.

I samband med den nye kandidatversjonen er også hurtigstartvegleiinga for WSJT-X 2.0 oppdatert. Eg har omsett også den nye versjonen av hurtigstartvegleiinga, og den omsette vegleiinga kan du laste ned her  eller på heimesida for WSJT-X (der du også finn den engelske utgåva).

Lukke til med testinga av den nye WSJT-X-utgåva.

Frode LA6VQ

 

24 09, 2018

Ny versjon av WSJT-X – Hurtigstartguide omsett til norsk

By |2018-09-26T12:01:24+01:0024.9.2018|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

WSJT-X-gjengen med K1JT Joe Taylor i spissen  kom sist veke med ein betaversjon av WSJT-X 2.0-rc1, ein såkalla “kandidat for utgjeving” (“-rc1” betyr release candidate 1). I den nye versjonen er meldingslengda auka til 77 bits  frå 72 bits (MSK144) og 75 bits (FT8). Denne utvidinga gjer  at det no er mogleg å bruke lange kallesignal, enten slike som har ekstra prefiks og suffiks, eller kallesignal som ikkje følgjer standardoppskrift for kallesignal. Utvidinga gjev også plass til betre feilretting. For FT8-modusen er programmet no også førebudd for bruk i konkurransar, særleg på VHF og for nokre konkurransar for digitale modus som tillet FT8 som modus. Også MSK144-modusen, som vert mykje brukt på 6 meter, har fått litt puss.

Utvidinga til 77 bits gjer at den dei nye FT8- og MSK144-modusane ikkje er kompatible med dei kjende FT8- og MSK144-modusane. For MSK144 er dette innført allereie i kandidatversjonen som kom sist veke. For FT8, som har mange fleire brukarar enn MSK144, vil det verte ein gradvis overgong fram til endeleg versjon av WSJT-X 2.0 vert slept rundt 10. desember. Det er planlagt tre kandidatversjonar før den endelege versjon 2.0 kjem i desember. I denne kandidatversjonen og den neste vil programmet kunne dekode både 75 bits og 77 bits FT8, men frå tredje kandidatversjon (-rc3), som er venta rundt 12. november, vil programmet ikkje lenger vere kompatibelt med den opphavelege FT8-modusen. Vil ein bruke opphaveleg FT8, må ein halde seg til den siste ordinære versjonen som er versjon 1.9.1. Alle kandidatversjonane får avgrensa levetid på omlag 1,5 månad, sjølvsagt for å unngå at det oppstår problem med dei som ikkje har følgd med på oppdateringane (skal ein delta i betatesting lyt ein følgje med på oppdateringane som kjem).

Sidan dei to modusa ikkje er kompatible har WSJT-X-gjengen rådd til at ein under betatestinga av kandidatversjonane ikkje bruker versjon 2.0 på dei vanlege FT8-frekvensane, men held seg på 40 meter og 20 meter på 7,078 MHz og 14,078 MHz. For MSK144 rår dei til 50,380 MHz. Etter kvart vil den nye versjonen overta dei vanlege frekvensane for FT8 og MSK144.

Eg har omsett meldinga som omtaler  nye funksjonar i WSJT-X v2.0. I tillegg har eg omsett hurtigstartvegleiinga til WSJT-X 2.0, slik at du kan komme kjapt i gong. Omsetjingane er også sende til Joe Taylor for publisering på heimesida for WSJT-X, så dei dukkar truleg opp også der etter kvart.

Vil du prøve den den nye versjonen og medverke i  betatestinga, vil eg rå til at du først lastar ned og les nøye gjennom heile hurtigstartvegleiinga før du startar. Sjølve programmet, både i versjon 1.9.1 og 2.0-rc1, finn du som før på K1JT Joe Taylor si WSJT-X-side.

Lukke til med testinga.

73 Frode LA6VQ

Tillegg 27. september 2018

Ein ny kandidatversjon WSJT-X v2.0-rc2 med mindre feilrettingar vart utgjeven 25. september 2018, og kan lastast ned frå WSJT-X si heimeside. Det betyr at versjonsnummereringa som er omtala utgjevingsplanen i dei to dokumenta er endra frå -rc2 til -rc3 og frå -rc3 til-rc4.

Frode

28 06, 2018

FT8 DX-pedisjonsmodus – brukarmanual på norsk

By |2018-06-28T23:09:51+01:0028.6.2018|Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare|

FT8 DX-pedisjonsmodus er ein del av WSJT-X-programvaren og vart utvikla for å kunne handtere ein skikkeleg pile-up på stasjonar frå svært sjeldne DXCC-einingar i periodar med svake signal. DX-pedisjonen til KH1 Baker Island i Stillehavet var den direkte grunnen til at Joe Taylor K1JT, Steven Franke K9AN og resten av WSJT-X-gjengen sette i gong arbeidet med å utvikle DX-pedisjonsmoduset for FT8. Baker Island har ikkje vore på lufta på svært mange år, og av verneomsyn vil den heller ikkje komme på lufta igjen på mange år, sidan amerikanske styresmakter er svært restriktive med landgongsløyver. No er vi nær botnen av solflkekksyklusen og DX-signala er jamnt over svake, så ein var ikkje heldig med kor tid ein fekk løyve til å gå i land på denne øya som er så sjeldan aktiv. Derfor var det ønskjeleg med noko betre enn dei svaksignalmodusa som allereie fanst i WSJT-X.

DX-pedisjonen til Baker Island er no i full gong. Det er mykje som tyder på at øya fortener namnet sitt, sidan dei rapporterer om meir enn 40 grader allereie på føremiddagen, så det er meir enn propagasjonane som er krevjande. For ein gongs skuld ligg Noreg fint til med kortast avstand av dei europeiske landa, og utan store DX-nasjonar mellom oss og Baker Island, så når dei vil køyre Europa burde vi har bra utgongspunkt. Fleire norske stasjonar har allereie køyrd KH1/KH7Z på FT8, CW, og SSB. Det har dei gjort sjølv om A-indeksen har vore nokså høg og storsirkelen går rett gjennom nordlysbeltet rundt Nordpolen. Når A-indeksen kjem ned, får vi tru at det kan vere mogleg å køyre denne svært sjeldne DXCC-eininga også frå nokså vanlege stasjonar.

Versjon 1.9.1 er den nyaste versjonen av WSJT-X med FT8 DX-pedisjonsmodus. Den kom for nokre få veker sidan og er stabil etter fleire runder med betatesting av tidlegare versjonar på lufta. Dette vert den første skikkeleg testen av FT8 DX-pedisjonsmodus i praksis. Vil du køyre FT8 DX-pedisjonsmodus rår eg til at du lastar ned versjon 1.9.1 frå WSJT-X sine heimesider. FT8 DX-pedisjonsmodus verkar på ein annan måte enn vanleg FT8-operasjon. Den bruker også eit mykje breiare frekvensområde enn dei 2000 Hz som er tilrådde for vanleg FT8.  Derfor skal FT8 DX-pedisjonsmodus heller ikkje brukast på dei vanlege FT8-frekvensane, men på førehandsbestemte frekvenser for kvar DX-pedisjon. Programvaren styrer svært mykje av det som skjer, og det er ingen brukarval eller manuelle løysingar i DX-pedisjonsmoduset.

Brukarmanualen for FT8 DX-pedisjonsmodus finn du på same side som programvaren. Til glede for dei som likar betre å lese på norsk enn på engelsk har eg omsett denne brukarmanualen til norsk.

Brukarmanualen på norsk kan du laste ned her.

Den er også send til Joe Taylor K1JT, som takka for  omsetjinga og lova at han ville legge den ut på WSJT-X-sidene saman med andre omsetjingar, men det har han førebels ikkje gjort. Derfor  legg eg den ut her på LA1B.no.

For dei som lurer på om JTAlertX kan brukast saman FT8 DX-pedisjonsmodus, så kan den ikkje det, og det er det heller ikkje bruk for. JTAlertX er til god hjelp når du skal sortere alle stasjonar som vert dekoda, for å finne nokon du vil ha kontakt med. FT8 DX-pedisjonsmodus bruker du når du er på jakt etter éin stasjon. Då er det ikkje så viktig å vite om du har køyrd nokon av dei andre i pile-up-en.

Finn du feil, eller noko er uklart, er det berre å ta kontakt.

Som du ser på illustrasjonen til høgre, vert det kalla i alle periodar, dvs. både på 00 og 30 sekund og på 15 og 45 sekund. Det betyr at ikkje alle har lese brukarmanualen, men endå verre er det at dei bryt ein av dei viktigaste reglane for DX-ing: Ikkje kall ein DX-stasjon du ikkje kan lese. Det gjeld også for FT8. Dei som kallar på 00 og 30, vil neppe få kontakt, dersom DX-stasjonen kallar på same tid. Ikkje ver ein slik DX-jeger. Les du brukarmanualen og følgjer den og reglane for god DX-praksis, så kan det godt hende du får ein ATNO (All Time New One) i loggen.

Lukke til.

73 Frode LA6VQ

11 06, 2018

Logbook of the World – har du lyst å komme i gong?

By |2018-06-12T11:27:40+01:0011.6.2018|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, Satellitt, VHF/UHF|

Snart kan også du vere ein av dei som deler denne utsegna.

Logbook of the World (LoTW) er American Radio Relay League (ARRL) sitt verkty for elektronisk QSL. Ved hjelp av LoTW kan du få elektronisk QSL som vert godteke for mellom anna ARRL sine mest kjende diplom: DX Century Club (DXCC) og Worked All States (WAS). Elektronisk QSL frå LoTW vert også godteke for to av CQ Magazine sine populære diplom Worked All Zones (WAZ) og CQ WPX (WPX).

I tillegg til sjølve stadfestinga av QSO-ane, kan ein også søkje om dei ulike diploma direkte frå LoTW. Dette gjer søknadsprosedyren mykje enklare enn ein søknad på papir og basert på QSL-kort. Første gongen ein søkjer om DXCC-diplomet, må ein velje om ein vil søkje elektronisk basert på kun LoTW-stadfesta QSO-ar eller papirbasert med berre QSL-kort. Ein kan ikkje kombinere QSL-kort og LoTW-stadfestingar i den første søknaden, men deretter kan ein blande så mykje ein vil. Det er også eit poeng at LoTW-baserte diplom-søknader tek 1-2 dagar å handsame, medan papirbaserte søknader kan ta 3-4 veker. Etter kvart vert LoTW-stadfestingar i praksis også godtekne for mange andre diplom, sjølv om reglane for desse diploma fortel at ein må legge fram QSL-kort. Det er mykje opp til diplom-manageren for diplomet.

Det er viktig å understreke at LoTW ikkje er nokon fullgod erstatning for QSL-kort, og det er ingen grunn til å slutte å sende QSL-kort sjølv om du bruker LoTW. LoTW-stadfestingar er lite dekorative og eignar seg dårleg til utstilling eller framsyning, men er du den utolmodige typen, vil nok LoTW vere eit raskt, billeg (gratis når du har pc og internett) og effektivt tillegg til QSL-kort.

Logbook of the World har etter kvart blitt det mest populære verktyet for elektronisk QSL, med nær 107 000 registrerte brukarer som snart har lasta opp 1 milliard QSO-ar. Sidan fleire DX-cluster viser om den meldte stasjonen bruker LoTW og/eller eQSL, er det etter kvart blitt slik at ein del radioamatørar nesten utelukkande ser etter og køyrer stasjonar som bruker LoTW. LoTW samarbeider no også med Club Log, slik at ein med nokre få tastetrykk kan oppdatere Club Log-statusen med nye LoTW-stadfestingar.

Trass i at mange allereie bruker LoTW, er det også mange som tykkjer det er litt vanskeleg å komme i gong. Ein av grunnane er at instruksjonane kan vere litt vanskelege å forstå (det er til og med ARRL samde i). For nokre år sidan, medan LoTW framleis publiserte omsetjingar til mange språk, laga eg derfor ei norsk omsetjing av instruksjonane for å komme i gong. Kort tid etter fjerna dei dessverre alle omsetjingane. No gjer eg den norske omsetjinga tilgjengeleg igjen. Når du kjem i gong og får brukt LoTW-verktyet litt, vert det heile meir forståeleg. Her som elles gjeld det at øving gjer meister, og hugs at meir enn 100 000 radioamatørar verda over trass alt har fått det til.

Du finn Veiledning for å komme i gang med LoTW – oversatt av LA6VQ Frode Igland som pdf-fil som du kan laste ned og studere på eigen hand.

Frode LA6VQ

12 02, 2018

Drop-in/temakveld, test av SDRPlay RSP1A

By |2018-02-12T23:19:10+01:0012.2.2018|Aktiviteter, Digital, HF-SEKSJON, Programvare|

Irmis LB1AH demonstrerte i dag SDRplay RSP1A og fortalte litt om mulighetene med SDR i kombinasjon med transceiver. Den ble koblet til en antennevender og vi fikk sammenlignet signaler mot hovedstasjonen som er en Icom IC-7600. Vi utforsket funksjoner og instillinger i programvaren.  Med frekvensområde fra 1kHz til 2GHz og enkel i bruk synes dette å være en fin liten sak som kan gi mye morro for pengene.

Vi var i dag 10 personer tilstede.

https://www.sdrplay.com/wp-content/uploads/2018/01/180109RSP1AdatasheetV1.8.pdf

 

4 07, 2016

Tips : Windows 10, drivere og varsling om oppgradering

By |2016-07-04T11:00:51+01:004.7.2016|Nyheter, Programvare|

Windows 10 drriversignatur

I nyere Windows-versjoner er tvungen driversignatur standard. Dette er en god ting for å sikre kvalitet og sikkerhet på drivere som blir installert. For programvare som krever drivere for virtuelle eller fysiske enhete så må de være signert og godkjent for å få installert dem. (Eksempelvis VPN programvare, drivere til com-porter og spesielt utstyr)

Merk at det også kan være endringer innenfor en og samme hovedversjon av Windows. I eksempelvis Windows 10 builld 10240 og build 10586 kan man oppleve forskjeller. Det hender at sertifikater og godkjenninger blir trukket tilbake (certificate revocation)

Noen programvareprodusenter er treig med å komme med nye versjoner og noen kommer rett og slett ikke med nye. Om man vil ha nyeste Windows-versjon og allikevel ønsker å kjøre ikke-signerte driver kan man deaktivere tvungen driveresignatur. Det er flere veier inn i oppstartsmenyen, men fra brukersiden er dette den mest praktiske (Send PM for info/løsning rundt unattended/command line, sentral adm)

Holdt venstre shift-knapp på tastaturet inne kontinuerlig mens du trykker på start-knappen, avslutt og start på nytt.

Oppstartsmenyen skal nå vises.

Feilsøking > Avansert > Oppstartsinnstillinger

Maskinen må nå starte på nytt.

Trykk 7 (Deaktiver tvungen driver signatur.)

 

Never Win10

Ønsker du å beholde gammel versjon av Windows og ønsker å bli kvitt de aggresive varslene fra Microsoft om oppgradering kan man enkelt ta knekken på den med dette verktøyet fra GRC.

https://www.grc.com/never10.htm

Ref.: https://en.wikipedia.org/wiki/Steve_Gibson_(computer_programmer)

Merk at Windows 7 er i sin sluttfase der generell support allerede er avsluttet og tilgang til sikkerhetsfixer vil være begrenset. Ref.: http://windows.microsoft.com/nb-no/windows/lifecycle

 

73 de LA4XLA

 

28 05, 2015

“DX Toolbox” og “RF Toolbox”

By |2016-12-27T17:29:20+01:0028.5.2015|HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare|

For nye radioamatører kan jeg anbefale “DX Toolbox”. Det er spennende og lærerikt å få forståelse for radioforholdene. Her kan man enkelt eksperimentere med en haug med innstillinger og se hva som er teoretisk mulig. “RF Toolbox” er en liten programsnutt som har en liten samling med kalkulatorer for diverse praktiske ting. Husk å sette din lokasjon i prgrammet med det første.

“DX Toolbox”
http://www.blackcatsystems.com/software/ham-shortwave-radio-propagation-software.html

DX Toolbox searches the web for you, gathering information on solar and geomagnetic conditions that affect radio propagation. It also features several propagation forecasting tools, allowing you to quickly and easily estimate current HF (Shortwave) propagation conditions between any two locations in the world. It’s ideal for the ham radio operator, shortwave listener, or other radio enthusiast, and is available for Mac OS, Mac OS X, and Windows. A version is also available for the iPhone / iPad / iPod Touch

“RF Toolbox”
http://www.blackcatsystems.com/software/electronics-antenna-design-software.html
RF Toolbox is an antenna design and electronics/electrical tool package. It takes you step by step through the design of the following types of antennas:

[URL til denne siden er http://www.la1b.no/toolbox/]

73 de LA4XLA

Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"
Go to Top