WSJT-X versjon 2.7.0 og norsk brukarvegleiing er publisert
WSJT-X versjon 2.7.0 vart utgjeven 17. februar. Dette er ein ny hovudversjon (General Availability-versjon, GA) etter at den førre hovudversjonen (v2.6.1) kom i januar 2023. I mellomtida har det vore utgjeve åtte betaversjonar (release candidates) med nye funksjonar. Den nye versjonen finst for Windows 32 og 64 bit, Mac og Linux og kan lastast ned frå WSJT-X si heimeside.
Mellom dei meste interessante nye funksjonane er SuperFox, ein oppdatert versjon av FT8 DXpedisjonsmodus (Fox & Hound). DX-stasjonen (SuperFox) kan no sende til opptil ni stasjonar på samstundes, utan at det går ut over signal/støy-forholdet (SNR) frå DX-stasjonen. I praksis betyr dette ei forbetring på 10 dB i høve til vanleg FT8 DXpedisjonsmodus der Fox kan sende til maksmalt fem stasjonar. For å forstå korleis du skal bruke SuperFox, rår eg til at du brukar tid på å lese nøye gjennom WSJT-X SuperFox Brukerveiledning, norsk.
Versjon 2.7.0 inneheld også eit meldingssystem der ein under QSO-en kan sende andre meldingar til QSO-partneren sin enn dei vanlege med kallesignal, lokator, SNR, RRR/RR73 og 73. Dette kan vere QSY-meldingar der ein kan be den andre stasjonen om å flytte til ein annan frekvens, til dømes når ein ønskjer å køyre ein stasjon på eit anna band i ein konkurranse. Det kan også vere førehandsdefinerte meldingar av ulike slag om operasjon logging, signalkvalitet og anna.
For dei som driv med månerefleksjon (Earth-Moon-Earth, EME) inneheld versjon 2.7.0 eit nytt program QMAP, spesielt utvikla for dette, men også til bruk i andre samanhengar. I tillegg er nedlasting av radiostyringsprogrammet Hamlib forenkla, opplasting til PSK Reporter er blitt meir effektiv og det er gjort ein del andre forbetringar og feilrettingar. Meir detaljar om den nye versjonen finst i Release Notes.
Eg har også oppdatert den norsk brukarvegleiinga for versjon 2.7.0. Den finn du på WSJT-X 2.7.0 GA Brukerveiledning, norsk. Dersom du finn feil, trykkfeil eller andre manglar i brukarvegleiinga, er det fint om gjev beskjed. Sjefsutviklaren bak WSJT-X, Joe Taylor, K1JT, har melde ved publiseringa at det kan komme ei mindre oppdatering av brukarvegleiinga dei kommande dagane. I så fall blir den norske versjon oppdatert straks etterpå.
Lukke til med den nye versjonen av WSJT-X.
73, Frode LA6VQ