LoTW

11 06, 2018

Logbook of the World – har du lyst å komme i gong?

By |2018-06-12T11:27:40+00:0011.6.2018|Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, Satelitt, VHF/UHF|

Snart kan også du vere ein av dei som deler denne utsegna.

Logbook of the World (LoTW) er American Radio Relay League (ARRL) sitt verkty for elektronisk QSL. Ved hjelp av LoTW kan du få elektronisk QSL som vert godteke for mellom anna ARRL sine mest kjende diplom: DX Century Club (DXCC) og Worked All States (WAS). Elektronisk QSL frå LoTW vert også godteke for to av CQ Magazine sine populære diplom Worked All Zones (WAZ) og CQ WPX (WPX).

I tillegg til sjølve stadfestinga av QSO-ane, kan ein også søkje om dei ulike diploma direkte frå LoTW. Dette gjer søknadsprosedyren mykje enklare enn ein søknad på papir og basert på QSL-kort. Første gongen ein søkjer om DXCC-diplomet, må ein velje om ein vil søkje elektronisk basert på kun LoTW-stadfesta QSO-ar eller papirbasert med berre QSL-kort. Ein kan ikkje kombinere QSL-kort og LoTW-stadfestingar i den første søknaden, men deretter kan ein blande så mykje ein vil. Det er også eit poeng at LoTW-baserte diplom-søknader tek 1-2 dagar å handsame, medan papirbaserte søknader kan ta 3-4 veker. Etter kvart vert LoTW-stadfestingar i praksis også godtekne for mange andre diplom, sjølv om reglane for desse diploma fortel at ein må legge fram QSL-kort. Det er mykje opp til diplom-manageren for diplomet.

Det er viktig å understreke at LoTW ikkje er nokon fullgod erstatning for QSL-kort, og det er ingen grunn til å slutte å sende QSL-kort sjølv om du bruker LoTW. LoTW-stadfestingar er lite dekorative og eignar seg dårleg til utstilling eller framsyning, men er du den utolmodige typen, vil nok LoTW vere eit raskt, billeg (gratis når du har pc og internett) og effektivt tillegg til QSL-kort.

Logbook of the World har etter kvart blitt det mest populære verktyet for elektronisk QSL, med nær 107 000 registrerte brukarer som snart har lasta opp 1 milliard QSO-ar. Sidan fleire DX-cluster viser om den meldte stasjonen bruker LoTW og/eller eQSL, er det etter kvart blitt slik at ein del radioamatørar nesten utelukkande ser etter og køyrer stasjonar som bruker LoTW. LoTW samarbeider no også med Club Log, slik at ein med nokre få tastetrykk kan oppdatere Club Log-statusen med nye LoTW-stadfestingar.

Trass i at mange allereie bruker LoTW, er det også mange som tykkjer det er litt vanskeleg å komme i gong. Ein av grunnane er at instruksjonane kan vere litt vanskelege å forstå (det er til og med ARRL samde i). For nokre år sidan, medan LoTW framleis publiserte omsetjingar til mange språk, laga eg derfor ei norsk omsetjing av instruksjonane for å komme i gong. Kort tid etter fjerna dei dessverre alle omsetjingane. No gjer eg den norske omsetjinga tilgjengeleg igjen. Når du kjem i gong og får brukt LoTW-verktyet litt, vert det heile meir forståeleg. Her som elles gjeld det at øving gjer meister, og hugs at meir enn 100 000 radioamatørar verda over trass alt har fått det til.

Du finn Veiledning for å komme i gang med LoTW – oversatt av LA6VQ Frode Igland som pdf-fil som du kan laste ned og studere på eigen hand.

Frode LA6VQ

Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"