Rapport frå Norsk Hammeeting 2016

Rapport frå Norsk Hammeeting 2016

Norsk Hammeeting gjekk av stabelen fredag 8. til søndag 10. april i Letohallen på Dal, nokre få km nordaust for Gardermoen. Allereie tidleg fredag ettermiddag tok det til å strøyme til med dei mest langvegsfarande radioamatørane.

Permo (Simarud) hadde kun utstilling i år, men gav 10 % rabatt på alt som vart tinga under Hammeeting-en. Dei hadde nok betre tid til å snakke med folk enn dei har hatt dei siste åra, då det har vore til dels hektisk langs salsborda deira. Permo viste fram eit fint utval av radioar for både HF og VHF/UHF, ein ACOM 2000 forsterkar med fjernkontroll og 2000 Watt, men hadde ikkje teke med så mykje anna denne gongen. Eidolon var der som i fjor med vekt på eit god utval av ANAN SDR-radioar, antennemaster, kabel, pluggar, ferrittar og anna slikt. ChrisTech var som vanleg til stades med eit bra utval av radioar (mest VHF/UHF) og anna utstyr, god energi og handelsglede. NorWorld deltok ikkje i år. Det tsjekkiske selskapet Mastrant deltok for første gong, med eit godt utval av barduner og anna utstyr til antenner og antennearbeid (tauverk, taljer, blokker, sjaklar, svivlar, krokar, klatreselar og liknande). Etter interessen å dømme hadde dei ein fin debut på Norsk Hammeeting.

På laurdagen hadde ChrisTech fått tak i den nye Icom IC-7300-transceiveren. Dette er ein SDR-radio som ser ut som ein vanleg radio med skjerm og ein del knappar. Radioen minner om ein liten IC-7600 eller IC-756 Pro I – III, men har trykkfølsom skjerm der ein styrer ein god del menyar, skiftar frekvens og anna slikt. Radioen har fått mykje merksemd fordi den blandar tradisjonell «knapperadio» med moderne SDR-teknologi og til ein grei pris. Den har også fått god omtale på eham.net, så det kan fort bli ein suksess når den kjem i vanleg sal i Norge i mai.

Årets salssuksess såg imidlertid ut til å vere programmerbare namneskilt av LED-lys, som ein svensk radioamatør selde. Utover laurdagen var det mange som gjekk rundt med horisontal rulletekst med kallesignal og namn i kraftige fargar. Det er ikkje til å nekte at dei var lettare å lese enn dei vanlege namneskilta som vi andre gjekk med.

Junkborda hadde allereie fredag kveld eit rikhaldig tilbod om brukt amatørutstyr til fine prisar. For den som hadde lyst på nye «oldies, but goodies», vart det mykje fint å velje i når alle seljarane var på plass laurdag morgon.

Antenneparken på køyretya på den velfylte parkeringsplassen viste tydeleg kven som var samla. Hammeeting-en er nok årets sterkaste konsentrasjon av køyrety med mykje meir enn kringkastingsantenner.

På laurdagen vart det for første gong i Norge skipa til prøve for dei amerikanske lisensklassane.  Ein norsk radioamatør med CEPT-lisens som skal være i USA (inkludert Alaska, Hawaii, dei andre amerikanske øyane og Puerto Rico), kan bruke sin norske lisens med eit amerikansk prefiks framom, t.d. W4/LA6VQ. Men dersom ein skal være fast busett der eller ønskjer eit amerikanskklingande kallesignal, så lyt ein ta amerikansk lisens. Skal ein køyre radio andre stader i verda, er det også ein del stader der ein lettare får lokal lisens dersom ein har amerikansk lisens enn om ein har CEPT-lisens. Underteikna tok dei tre lisensprøvene som ei utfordring, også fordi redaktøransvaret for læreboka vår forpliktar litt. Prøvene gjekk fint, så det vert nok ein amerikansk Amateur Extra Class-lisens når FCC får handsama prøvene. For dei som har lyst til å prøve seg, vert det truleg skipa til nye prøver på Hammeeting i 2017. Det er berre å komme i gong med lesing og oppgåveløysing.

Føredraga på laurdagen var interessante og vanskelege å velje mellom, men med ein klar vinnar. Dipper DX Group si forteljing frå den nyleg avslutta DX-pedisjonen til Cocos Keeling (VK9CK) var overfylt og minst like varm som tropeøya i det austlege Indiahavet, med pile-up langt ut på gangen. LA DX Group og LA Contest Club heldt også årsmøtene sine under Norsk Hammeeting, utan den minste dramatikk.

Festmiddagen gjekk som vanleg av stabelen laurdag kveld, med god stemning og ein liten vitseduell mellom Gudbrandsdalen og Nordmøre. LA3TR Thor-Ole og LA9ZGA Odd Ragnar bytte på humørspreiinga, godt innanfor alle sømmelege grenser. Under middagen var det også ordenspromosjonar i Den Gyldne Nøkkels Orden. LA5OM Steinar vart slegen til riddar for mange års innsats på mange frontar. Sidan LA4BBA Kåre ikkje hadde høve til å komme til Norsk Hammeeting, hadde han allereie torsdagen før blitt slegen til kommandør i heimen sin i Larvik, m.a. for sin gode innsats som redaktør av QST-LA gjennom 26 år.

QST-LA på søndagen gjekk frå Gardermogruppen sin stasjon i Letohallen som vanleg er under Norsk Hammeeting.

NRRL si generalforsamling var innkalt til søndag føremiddag. Ved innleiinga mintes generalforsamling dei av våre radiovener som hadde lagt ned nøkkel og mikrofon siste året. Mellom dei vi mintes med eit stille minutt, var dessverre også vår eigen Jan LA4CQ som gjekk bort få dagar før. Generalforsamlinga gjekk elles utan større dramatikk, som vanleg med litt forvirring rundt avrøystingar og kva som vart vedteke, men til slutt fekk ein klarlagt kva som var kva, og røysta for og mot det som skulle røystast over. Eir forslag om ei enklare ordning ved val av NRRL-styret vart vedteke, medan eit forslag om å fryse NRRL-kontingenten vart nedstemt.

Frå Bergensgruppen var vi noko færre deltakarar i år, så det er plass til fleire neste år. Norsk Hammeeting og generalforsamlinga er ein fin og triveleg møtestad med godt høve til å oppdatere seg på kva som rører seg, helse på kjentfolk, høyre interessante føredrag, kjøpe og selje nytt og gammalt. I tillegg kan du vere med å gje innspel og bestemme kva som skal skje i norsk amatørradio. Eg er der nok neste år også.

73 de Frode LA6VQ

By |2016-12-27T17:29:14+00:0016.4.2016|Nyheter|
Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"