Offentlig transport

Offentlig transport2016-12-27T17:29:05+00:00

Bergensgruppen sitt gruppelokale ligg på Totland i Fana (Sjå informasjon om Totland)

All offentleg transport til Totland går via Nesttun bussterminal, som ligg saman med Nesttun bybanestopp.

Frå Bergen sentrum kan du komme deg til Nesttun med Bybanen, som startar ved Byparken. Du kan også bruke buss nr. 83 Øyjorden – Sentrum – Nesttun. I sentrum stansar rute 83 ved Torget (haldeplass Q), i Olav Kyrres gate (haldeplass A) og Bystasjonen. Frå andre bydelar går alle ruter med rutenummer frå 70 og oppover til Nesttun. Frå Fyllingsdalen tek du rute 22 frå Oasen til Lagunen og deretter Bybanen vidare til Nesttun. Frå Straume terminal (Sotra) tek du rute 23 til Sandeide terminal og byter til rute 22 til Lagunen og vidare med Bybanen til Nesttun.

Frå Nesttun tek du buss nr. 71, som er merkt med “71 Totland” eller “71 Dyngeland – Totland”. Turen tek vanlegvis omlag 20 minutt. Nokre få ruter for 71-busen tek ein 10-11 minutt avstikkar til Dyngeland, før bussen held fram til Totland. Du må følgje bussen heilt til siste stopp, som heiter “Riple snuplass”. Går du av på det stoppet som heiter “Totland”, får du deg ein ekstra spasertur på 7-800 meter. Frå Riple snuplass ser du radiohytta og antennene øvst oppe på haugen mot aust. Du held fram over brua og 250 meter opp bakken og rundt svingen og om omlag 25 meter forbi eit skilt som markerer “Slutt på stopp forbudt”. Derfrå følgjer du stien 90 meter opp til høgre. (Sjå “Parkering og tilkomst” med oversiktsbilete)

For reiseplanlegging med buss og bybane kan du bruke https://www.skyss.no/nn-NO/Rutetider-og-kart1/Reiseplanleggar/. Det går få bussar til Totland og Ruteplanleggaren legg opp til knappe overgongstider mellom bane og buss, så det kan vere smart å ta ein tidlegare avgang med Bybanen.

Rutetabell for buss nr. 71 finn du her: https://www.skyss.no/nn-NO/Rutetider-og-kart1/bussruter/#bergen-og-omegn. Velg “Fana og Ytrebygda” og deretter rute nr 71.

Møta våre starter vanlegvis kl 1800. Det er ofte folk der noko før. Det betyr at du kan sikte deg inn på buss nr 71 frå Nesttun kl 1701 (ankomst Riple snuplass kl 1717) eller kl 1755 (som går via Dyngeland og kjem til snuplassen kl 1825).

Dei to siste bussane går frå Riple snuplass kl 1910 og kl 2140. Når du ikkje den siste, finst det ofte nokon du kan sitje på med.

Frode, LA6VQ.

Totlandsvegen501.Google.Earth3_

Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"