WSJT-X-gjengen med K1JT Joe Taylor i spissen kom sist veke med ein betaversjon av WSJT-X 2.0-rc1, ein såkalla “kandidat for utgjeving” (“-rc1” betyr release candidate 1). I den nye versjonen er meldingslengda auka til 77 bits frå 72 bits (MSK144) og 75 bits (FT8). Denne utvidinga gjer at det no er mogleg å bruke lange kallesignal, enten slike som har ekstra prefiks og suffiks, eller kallesignal som ikkje følgjer standardoppskrift for kallesignal. Utvidinga gjev også plass til betre feilretting. For FT8-modusen er programmet no også førebudd for bruk i konkurransar, særleg på VHF og for nokre konkurransar for digitale modus som tillet FT8 som modus. Også MSK144-modusen, som vert mykje brukt på 6 meter, har fått litt puss.
Utvidinga til 77 bits gjer at den dei nye FT8- og MSK144-modusane ikkje er kompatible med dei kjende FT8- og MSK144-modusane. For MSK144 er dette innført allereie i kandidatversjonen som kom sist veke. For FT8, som har mange fleire brukarar enn MSK144, vil det verte ein gradvis overgong fram til endeleg versjon av WSJT-X 2.0 vert slept rundt 10. desember. Det er planlagt tre kandidatversjonar før den endelege versjon 2.0 kjem i desember. I denne kandidatversjonen og den neste vil programmet kunne dekode både 75 bits og 77 bits FT8, men frå tredje kandidatversjon (-rc3), som er venta rundt 12. november, vil programmet ikkje lenger vere kompatibelt med den opphavelege FT8-modusen. Vil ein bruke opphaveleg FT8, må ein halde seg til den siste ordinære versjonen som er versjon 1.9.1. Alle kandidatversjonane får avgrensa levetid på omlag 1,5 månad, sjølvsagt for å unngå at det oppstår problem med dei som ikkje har følgd med på oppdateringane (skal ein delta i betatesting lyt ein følgje med på oppdateringane som kjem).
Sidan dei to modusa ikkje er kompatible har WSJT-X-gjengen rådd til at ein under betatestinga av kandidatversjonane ikkje bruker versjon 2.0 på dei vanlege FT8-frekvensane, men held seg på 40 meter og 20 meter på 7,078 MHz og 14,078 MHz. For MSK144 rår dei til 50,380 MHz. Etter kvart vil den nye versjonen overta dei vanlege frekvensane for FT8 og MSK144.
Eg har omsett meldinga som omtaler nye funksjonar i WSJT-X v2.0. I tillegg har eg omsett hurtigstartvegleiinga til WSJT-X 2.0, slik at du kan komme kjapt i gong. Omsetjingane er også sende til Joe Taylor for publisering på heimesida for WSJT-X, så dei dukkar truleg opp også der etter kvart.
Vil du prøve den den nye versjonen og medverke i betatestinga, vil eg rå til at du først lastar ned og les nøye gjennom heile hurtigstartvegleiinga før du startar. Sjølve programmet, både i versjon 1.9.1 og 2.0-rc1, finn du som før på K1JT Joe Taylor si WSJT-X-side.
Lukke til med testinga.
73 Frode LA6VQ
Tillegg 27. september 2018
Ein ny kandidatversjon WSJT-X v2.0-rc2 med mindre feilrettingar vart utgjeven 25. september 2018, og kan lastast ned frå WSJT-X si heimeside. Det betyr at versjonsnummereringa som er omtala utgjevingsplanen i dei to dokumenta er endra frå -rc2 til -rc3 og frå -rc3 til-rc4.
Frode