Norsk Hammeeting fann stad 10.-12. april 2015 i Letohallen på Dal ved Gardermoen. I år var det litt færre av Bergensgruppen sine medlemmer som tok turen, men LA1TNA Per Dagfinn med XYL, LA5KTA Tor Olav og LA8GV Ola Johan var i alle fall mellom dei eg observerte mellom dei mange radioamatørane som hadde teke turen.

På parkeringsplassen utanfor Letohallen fortalde den frodige antenneparken på bilane at det var radiofolk som møttest. Den frodigaste bilen eg såg hadde fem antenner på tak og bakre støytfangar. Ein 30 meter høg mobilkran med vertikalantenne i toppen og multibanddipolar midt på gjorde det synleg for alle langs E6 at det føregjekk noko spesielt. Stasjonen i Letohallen var aktiv under heile Hammeeting-en, i tillegg til at LA1C sende QST-LA søndag 12.4. derifrå.

Seminar
Som vanleg var seminarprogrammet på laurdagen spekka med interessante føredrag om mange av dei emna som utgjer amatørradio: teknikk, SDR, operasjon, fjernstyring, EMC/EMI, contesting, DX-pedisjonar, naudsamband, internasjonale radiokonferanser, osb. Det einaste problemet med seminarprogrammet er alle dei interessante føredraga ein ikkje rekk over fordi dei kolliderer.

Den gode praten
I og utanfor messehallen gjekk radiopraten mellom gamle og nye kjende frå tidleg morgen til seine natta. Eyeball-QSO-ar med amatørar ein har snakka med på radioen, eller kanskje ikkje har snakka med på årevis, er i grunnen den aller kjekkaste delen av Norsk Hammeeting.

Kjøp og sal
Dei fleste austlandsbaserte seljarane av nytt radioamatørutstyr var der: ChrisTech, Eidolon, Norworld og Simarud-Permo, i tillegg til mange seljarar av ulikt brukt utstyr. For dei som er lette å freiste var det som vanleg lett å skilje seg av med pengar. For dei som hadde bestemt seg for å vere karakterfaste for å unngå å fylle shacken med endå meir kjekt utstyr, var det hardt å stå imot. Nokre av oss, m.a. underteikna, var jamvel så heldige å vinne i Hamlotteriet akkurat det vi hadde vurdert om vi skulle kjøpe. Det er lov å ha flaks, også i amatørradio.

Det er ikkje for sterkt å seie at Norsk Hammeeting 2015 var nok ei fin tilskiping frå Gardermogruppen si side.

Læreboka
Det har i grunnen ikkje vore så mykje å høyre om kva norske radioamatørar tykkjer om den nye læreboka som kom ut sommaren 2014. Sidan radioamatørar jamnt over er rekna som svært kompetente og tilsvarande tydelege i tilbakemeldingane, og i alle fall dersom noko ikkje held mål, har vi vel tort å tru at når det har vore stille, så er det fordi det ikkje har vore så mykje å kritisere. For oss som har vore involvert i den nye læreboka som kom ut sist sommar, var det likevel ekstra kjekt at svært mange av dei eg snakka med under Norsk Hammeeting hadde svært mykje godt å seie om boka og den innsatsen Bergensgruppen har lagt ned for at vi skulle få ei ny norsk lærebok. Dette gjaldt både røynde kurslærarar, nye radioamatørar som hadde brukt boka i si opplæring og radioamatørar som hadde hatt stor glede av å oppdatere kunnskapane sine, sjølv etter mange år på lufta.

Både læreboka og Bergensgruppen sin innsats vart trekte fram i NRRL-presidenten LA3PK Jan Helge si festtale som noko av det viktigaste som skjedde i NRRL i 2014 – vi fekk til og med ein eigen skål og applaus frå festlyden. På same måten vart læreboka trekt fram og rost under NRRL si generalforsamling. Eg nytta høvet til å takke for rosen på vegne av prosjektgjengen, samstundes som eg inviterte til konkrete tilbakemeldingar om ting som kunne forbetrast i boka. Eg tillèt meg også å minne om den utfordringa vi gav dei andre gruppene i Amatørradio nr 4-2014 om alt det andre læreverktyet som trengst i tillegg til ei lærebok, t.d. kursplansjar, oppgåver, lydbøker, nettbok, osb. Om fleire gjer ein god innsats, kan vi få endå fleire til å ta lisensen og komme på lufta, og den andre utgåva av læreboka kan bli endå betre enn den første.

Førsteopplaget på 500 lærebøker vart utseld frå NRRL no i vinter. Nytt opplag vart levert to dagar før Norsk Hammeeting, og meir enn femti bøker av det nye opplaget vart selde berre i løpet av helga.

Planen er at det neste opptrykk skal vere ei ny utgåve med pedagogiske forbetringar i høve til den første. Derfor kan eg love at det ikkje blir lenge før eg igjen kjem til å spørje Bergensgruppen sine medlemmer om ny innsats for å forbetre læreboka. I mellomtida har vi heldigvis ein del andre større og mindre prosjekt som vi kan konsentrere oss om.

LA6VQ Frode