dxcchr

Snart kan LA4HC Brynjulv henge ein slik på veggen.

Vår æresmedlem LA4HC Brynjulv Hansen har etter målretta innsats hatt stadfesta kontakt med 332 av dei noverande 339 godkjende DXCC-einingar. I tillegg hadde Brynjulv kontakt med Juan de Nova Island under DX-pedisjonen dit i april i år, men manglar førebels QSL-kort eller LoTW-stadfesting for denne kontakten. Den kjem nok, slik at totalen vert 333 stadfesta DXCC-eningar.

Med dette er LA4HC Brynjulv kvalifisert for DXCC Honor Roll Mixed, dvs. mellom dei som manglar 9 eller færre stadfesta DXCC-einingar.

Det er all grunn til å gratulere Brynjulv med prestasjonen og plassen på æreslista!

No gjenstår berre våre to norske 3Y-øyar i sør, Bouvet-øya, som kjem på lufta i 2018, og Peter I-øya, Nord-Korea (P5), som vi aldri veit når vil komme på lufta, Johnston Island (KH3), Crozet Island (FT5W) og San Felix Island (CE0X). Dei blir nok køyrde etter kvart som dei kjem på lufta.

Brynjulv tok lisensen og fekk kallesignalet LA4HC i 1949 og har periodevis vore nokså aktiv både på lufta og som tillitsvald lokalt og nasjonalt. Det er jo ein grunn til at han er æresmedlem i Bergensgruppen og ridder av Den Gyldne Nøkkels Orden. Dei aller fleste kontaktene som ligg til grunn for 332 stadfesta av 339 moglege DXCC-einingar er likevel gjorde frå hytte-QTH på Drange i Fana frå slutten av 1990-talet då Brynjulv tok opp igjen amatørradio som pensjonist. I jakta på nye DXCC-einingar har Brynjulv også aktivt søkt stasjonar som har vore brukarar av Logbook of The World (LoTW), for rask og effektiv stadfesting av kontaktene.

Så langt eg har fått undersøkt dagens oppdaterte DXCC-liste, er Brynjulv den einaste i Bergensgruppen som er på DXCC Honor Roll. Vi som framleis har langt igjen dit får berre akseptere at dei gamle framleis er eldst og la oss inspirere til å prøve å greie det same.

Good DX & 73 de Frode LA6VQ