FT8 DX-pedisjonsmodus er ein del av WSJT-X-programvaren og vart utvikla for å kunne handtere ein skikkeleg pile-up på stasjonar frå svært sjeldne DXCC-einingar i periodar med svake signal. DX-pedisjonen til KH1 Baker Island i Stillehavet var den direkte grunnen til at Joe Taylor K1JT, Steven Franke K9AN og resten av WSJT-X-gjengen sette i gong arbeidet med å utvikle DX-pedisjonsmoduset for FT8. Baker Island har ikkje vore på lufta på svært mange år, og av verneomsyn vil den heller ikkje komme på lufta igjen på mange år, sidan amerikanske styresmakter er svært restriktive med landgongsløyver. No er vi nær botnen av solflkekksyklusen og DX-signala er jamnt over svake, så ein var ikkje heldig med kor tid ein fekk løyve til å gå i land på denne øya som er så sjeldan aktiv. Derfor var det ønskjeleg med noko betre enn dei svaksignalmodusa som allereie fanst i WSJT-X.

DX-pedisjonen til Baker Island er no i full gong. Det er mykje som tyder på at øya fortener namnet sitt, sidan dei rapporterer om meir enn 40 grader allereie på føremiddagen, så det er meir enn propagasjonane som er krevjande. For ein gongs skuld ligg Noreg fint til med kortast avstand av dei europeiske landa, og utan store DX-nasjonar mellom oss og Baker Island, så når dei vil køyre Europa burde vi har bra utgongspunkt. Fleire norske stasjonar har allereie køyrd KH1/KH7Z på FT8, CW, og SSB. Det har dei gjort sjølv om A-indeksen har vore nokså høg og storsirkelen går rett gjennom nordlysbeltet rundt Nordpolen. Når A-indeksen kjem ned, får vi tru at det kan vere mogleg å køyre denne svært sjeldne DXCC-eininga også frå nokså vanlege stasjonar.

Versjon 1.9.1 er den nyaste versjonen av WSJT-X med FT8 DX-pedisjonsmodus. Den kom for nokre få veker sidan og er stabil etter fleire runder med betatesting av tidlegare versjonar på lufta. Dette vert den første skikkeleg testen av FT8 DX-pedisjonsmodus i praksis. Vil du køyre FT8 DX-pedisjonsmodus rår eg til at du lastar ned versjon 1.9.1 frå WSJT-X sine heimesider. FT8 DX-pedisjonsmodus verkar på ein annan måte enn vanleg FT8-operasjon. Den bruker også eit mykje breiare frekvensområde enn dei 2000 Hz som er tilrådde for vanleg FT8.  Derfor skal FT8 DX-pedisjonsmodus heller ikkje brukast på dei vanlege FT8-frekvensane, men på førehandsbestemte frekvenser for kvar DX-pedisjon. Programvaren styrer svært mykje av det som skjer, og det er ingen brukarval eller manuelle løysingar i DX-pedisjonsmoduset.

Brukarmanualen for FT8 DX-pedisjonsmodus finn du på same side som programvaren. Til glede for dei som likar betre å lese på norsk enn på engelsk har eg omsett denne brukarmanualen til norsk.

Brukarmanualen på norsk kan du laste ned her.

Den er også send til Joe Taylor K1JT, som takka for  omsetjinga og lova at han ville legge den ut på WSJT-X-sidene saman med andre omsetjingar, men det har han førebels ikkje gjort. Derfor  legg eg den ut her på LA1B.no.

For dei som lurer på om JTAlertX kan brukast saman FT8 DX-pedisjonsmodus, så kan den ikkje det, og det er det heller ikkje bruk for. JTAlertX er til god hjelp når du skal sortere alle stasjonar som vert dekoda, for å finne nokon du vil ha kontakt med. FT8 DX-pedisjonsmodus bruker du når du er på jakt etter éin stasjon. Då er det ikkje så viktig å vite om du har køyrd nokon av dei andre i pile-up-en.

Finn du feil, eller noko er uklart, er det berre å ta kontakt.

Som du ser på illustrasjonen til høgre, vert det kalla i alle periodar, dvs. både på 00 og 30 sekund og på 15 og 45 sekund. Det betyr at ikkje alle har lese brukarmanualen, men endå verre er det at dei bryt ein av dei viktigaste reglane for DX-ing: Ikkje kall ein DX-stasjon du ikkje kan lese. Det gjeld også for FT8. Dei som kallar på 00 og 30, vil neppe få kontakt, dersom DX-stasjonen kallar på same tid. Ikkje ver ein slik DX-jeger. Les du brukarmanualen og følgjer den og reglane for god DX-praksis, så kan det godt hende du får ein ATNO (All Time New One) i loggen.

Lukke til.

73 Frode LA6VQ