Den 31. mai 2021 kl 20.00 heldt Bergensgruppen nettmøte for medlemer og andre interesserte. Temaet var “Elektronisk logging”. LA6VQ Frode gjekk gjennom ulike sider av logging, elektronisk logging, krav til gode loggprogram, integrasjon mot nettbaserte QSL- og loggsystem og viste kort et lite utval av dei mest populære av dei meir enn 100 ulike program som finst for elektronisk logging. . Presentasjonen finn du her.

Mot slutten av presentasjonen demonstrerte Frode “live” opplasting av QSO-ar frå HRD Logbook til Logbook of the World og eQSL. Deretter viste han tilsvarande “live” nedlasting av eQSL og verifiserte QSO-ar frå Logbook of the World. Deretter hadde vi ei god runde med kommentarar, spørsmål og svar.

For dei som har lyst til å starte med Logbook of the World, finst det no ein betre brukarmanual enn den som finst på Logbook of the World sine heimesider. Frode held på med ei norsk omsetjing, men den norske utgåva ligg nok litt fram i tid.

Har du spørsmål om elektronisk logging, er det berre å ta kontakt med oss i Bergensgruppen, så skal vi nok finne ut av det.

Lukke til med elektronisk logging.