Siste nytt fra “DIGITAL” på bloggen:
Elektronisk logging, nettmøte 31. mai 2021
Den 31. mai 2021 kl 20.00 heldt Bergensgruppen nettmøte for medlemer og andre interesserte. Temaet var “Elektronisk logging”. LA6VQ Frode gjekk gjennom ulike sider av logging, elektronisk logging, krav til gode loggprogram, integrasjon mot nettbaserte QSL- og loggsystem og viste kort et lite utval av dei mest populære av dei meir enn 100 ulike program som finst for elektronisk logging. . Presentasjonen finn du her.
Mot slutten av presentasjonen demonstrerte Frode “live” opplasting av QSO-ar frå HRD Logbook til Logbook of the World og eQSL. Deretter viste han tilsvarande “live” nedlasting av eQSL og verifiserte QSO-ar frå Logbook of the World. Deretter hadde vi ei god runde med kommentarar, spørsmål og svar.
For dei som har lyst til å starte med Logbook of the World, finst det no ein betre brukarmanual enn den som finst på Logbook of the World sine heimesider. Frode held på med ei norsk omsetjing, men den norske utgåva ligg nok litt fram i tid.
Har du spørsmål om elektronisk logging, er det berre å ta kontakt med oss i Bergensgruppen, så skal vi nok finne ut av det.
Lukke til med elektronisk logging.
WSJT-X 2.3.1 og WSJT-X 2.4.0-rc4
Den digitale programvaren WSJT-X er kommen i to nye versjonar, ein endeleg versjon WSJT-X 2.3.1 og ein vidareutvikla betaversjon WSJT-X 2.4.0-rc4. Dei kan lastast ned frå WSJT-X si heimeside.
WSJT-X 2.3.1 inneheld stort sett mindre feilrettingar frå tidlegare versjonar (2.3.0 og tidlegare). Dette er ein endeleg versjon som kan brukast på vanleg måte. Norsk brukarvegleiing (på bokmål) til WSJT-X 2.3.1 finn du på linken WSJT-X 2.3.1 Norsk brukarvegleiing
Samstundes med den endelege versjon 2.3.1 kom også WSJT-X 2.4.0-rc4, som er den fjerde betaversjonen (“rc4” betyr “release candidate 4”) av WSJT-X 2.4. Utviklarane av WSJT-X reknar med at dei som tek i bruk betaversjonane melder tilbake til utviklingsgjengen om det er noko som ikkje verkar som ein skulle vente. Versjon 2.4.0-rc4 inneheld ein ny modus som vert kalla Q65 og som primært er tenkt å erstatte modusen modusen QRA64. Modusen ISCAT er også avlutta i denne versjonen. Q65 er særleg utvikla med sikte på bruk på VHF/UHF og høgare band til spesielt krevjande modus som EME, ulike scatter-modus (troposfærisk scatter, ionosfærisk scatter, regn-scatter, etc.) og transekvatorial propagasjon (TEP). Linken til norsk brukarvegleiing er WSJT-X 2.4.0-rc4 Norsk brukarvegleiing.
Som alltid er eg takksam for kommentarar og feilretting av omsetjingane.
Lukke til med dei nye versjonane.
73, Frode LA6VQ
WSJT-X 2.3.0 er ute og brukarvegleiing på norsk er klar
Programmet WSJT-X 2.3.0 kom i endeleg versjon i dag 1. februar 2021, etter fire betaversjonar sidan slutten av september 2020. Dei viktigaste endringane frå versjon 2.2.2, som kom i juni 2020, er to nye modus kalla FST4 og FST4W. FST står for etternamna til K9AN Steven Franke, G4WJS Bill Somerville og K1JT Joe Taylor, dei tre hovedpersonane bak WSJT-X dei siste åra.
Dei nye modusa er særleg tenkt brukte på langbølge (LF) og mellombølge (MF), i praksis 600 meter- og 2200-meterbanda. Begge modusa finst i fleire submodus som er knytte til lengda på sende- og mottakssekvensane. FST4, som ikkje må forvekslast med FT4, har sendesekvensar mellom 15 sekund og 1800 sekund (30 minutt) og kan dekode signal med SNR frå -20,7 dB (15 sekund) til -43,2 dB (1800 sekund). FT8 dekoder ned til -21 dB og FT4 til -17,5 dB, så forbetringa er ganske stor.
FST4W verkar på same måten som WSPR, men er spesielt tilpassa bruk på MF- og LF-banda som gjerne har meir QSB og QRM enn kortbølgebanda. PÅ same måte som FST4 har også FST4W har fleire submodus med sende/mottakssekvensar som varierer mellom 120 sekund (som WSPR) og 1800 sekund. FST4W kan dekode signal med SNR frå -32,8 dB (120 sekund) til -44,8 dB (1800 sekund). Til samanlikning dekoder WSPR ned til -31 dB SNR.
Ut over dei to nye modusa er det gjort ein del feilrettingar og mindre forbetringar og justeringar frå versjon 2.2.2.
Som vanleg finn du siste versjon av programmet på WSJT-X sine heimesider. Der kjem også den norske brukarvegleiinga når Joe Taylor får lasta den opp, men den norske brukarvegleiinga for WSJT-X 2.3.0 finst sjølvsagt også klar for nedlasting her på LA1B sin sider.
Skulle du finne feil eller forbetringar som bør gjerast i den norske omsetjinga, høyrer eg veldig gjerne frå deg.
Lukke til med den nye versjonen av WSJT-X.
73, Frode LA6VQ
Bergensgruppen på Winlink
Bergensgruppen av NRRL er i gang igjen med en stasjon i det nasjonale- og internasjonale Winlink-systemet. Kallesignalet er LA1B. Den står for tiden i prøvedrift på HF. Benytt anledningen til å bli QRV på Winlink og teste ut funksjonene på LA1B. Høy terskel for å komme i gang? Neppe!
Du trenger:
– En moderne HF-radio, pc og programvare.
– Eldre HF-radio: et eksternt lydkort i tillegg.
Med den anbefalte programvare kan du overføre tekst, bilder, tabeller etc. Enten direkte stasjon-
til- stasjon som en vanlig QSO, eller gjennom Winlink, som i tillegg tilbyr automatisk oppkobling mot Internett.
Du kan da kommunisere med ordinære internettadresser. Systemet er bygd opp
slik at det fungerer også ved delvis- eller helt bortfall av internett.
Gruppenes Winlink-stasjoner over hele landet er dermed et viktig bidrag i den nasjonale nød- og katastrofeberedskapen.
På http://www.winlik.org finner du uendelig med info. Men ikke la deg overvelde i starten.
Last ned brukerprogrammet du trenger og sett i gang.
For windows10: Winlink Express + vara
For Linux: PAT (som for øvrig er designet av vårt medlem Martin/LA5NTA)
På https://www.la3f.no/ finner du norsk info om Winlink.
Ta kontakt med en av sambandsgruppens medlemmer om du trenger hjelp.
Nedenfor ser du et bilde lastet ned fra en av de mange rapportene Winlink tilbyr:
Dette er et propagasjonsvarsel fra 22/11. Du ser sikkert hvorfor 80m ikke
duger i Sør-Norge om natten/vinterstid?
Velkommen til test av la1b som for tiden går på 80 og 40m – med og uten internett tilkoblet
Ut på nyåret blir det test på 160 og 60m.
73 og godt nyttår fra Finn/LA4PM
WSJT-X 2.2.0 er klar for nedlasting
WSJT-X 2.2.0 i endeleg versjon vart tilgjengeleg for nedlasting 2. juni 2020. Den kan nedlastast frå WSJT-X sine heimesider.
Versjon 2.2.0 inneheld klare forbetringar av dekodinga for nesten alle modusa i WSJT-X. Til dømes dekoder FT8 no meldingane i tre omgongar mot slutten av kvar 15 sekunds mottakssekvens, første gong etter 11,8 sekund og siste gong etter 14,7 sekund. Når det er tett på bandet, gjev dette gjennomsnittleg 10 % fleire dekodingar. I tillegg er det no laga eige meldingsformat for WW Digi DX Contest (som kjem i slutten av august). Meldingsformatet for EU VHF Contest endra og er ikkje lenger kompatibelt med tidlegare versjonar av WSJT-X, så dersom du skal delta i contest som bruke dette meldingsformatet, må du bruke den nye versjon 2.2.0.
Brukarvegleiinga for WSJT-X 2.2.0 er omsett til norsk og finst både på WSJT-X sine heimesider og på WSJT-X 2.2.0 Norsk brukerveiledning. Frå og med denne versjonen er grensenittet for WSJT-X førebudd også for andre språk enn engelsk og det vil eg nok også sjå på om litt.
Last ned WSJT-X 2.2.0 og prøv dei nye funksjonane.
Lukke til.
73 Frode LA6VQ
WSJT-X 2.2.0-rc3 klar for testing – med norsk brukarvegleiing
WSJT-X versjon 2.2.0 er kommen i betaversjon nr 3, kalla WSJT-X 2.2.0-rc3. Dersom du vil vere med på betatesting av dette svært populære programmet for svake signal, kan du laste det ned frå WSJT-X si heimeside.
Brukarvegleiing på norsk finst på Norsk brukarvegleiing for WSJT-X 2.2.0-rc3. Den er omsett til norsk av LA6VQ Frode.
Den viktigaste endringa i denne tredje betaversjonen er oppdatering av hamlib-koden som vert brukt til dataassistert styring av mange typar radioar. Elles er det nokre rettinger av mindre feil i dei to føregåande betaversjonane.
Det er venta at den endelege versjonen av WSJT-X 2.2.0 (dvs. utan -rc#) vert utgjeven første veka i juni.
God testing til dei som vil betateste og god pinse til alle.
73 LA6VQ Frode
WSJT-X 2.2.0-rc1 – Ny betaversjon av WSJT-X er ute
WSJT-X, programmet for svake digitale signal, er komme i ny beta-versjon kalla WSJT-X 2.2.0-rc1. Brukarvegleiinga til den nye versjonen finn du på WSJT-X 2.2.0-rc1 – Brukerveiledning, norsk. Den er omsett av LA6VQ Frode, som gjerne høyrer frå deg om du finn feil eller noko du ikkje forstår.
“-rc1” står for “release candidate 1” (utgjevingskandidat 1), dvs. ein beta-versjon som er sendt ut for testing i større skala. Tek du den i bruk, er det viktig at du melder tilbake til utviklargruppa dersom du finn feil eller at programmet oppfører seg på ein uventa måte. Sidan den nye versjonen er ei beta-utgåve, kan den kun brukast til 10. juni 2020. Ifølgje e-post frå Joe Taylor, K1JT, vil det komme ny beta-versjon måndag 25. mai.
WSJT-X 2.2.0-rc1 inneheld mange forbetringar. For FT8 er dekodinga no delt i tre omgangar, der første dekodingomgang startar etter 11,8 sekund av den 15 sekund lange mottakssekvensen og gjev deg omlag 85 % av dekodingane. Den to siste startar etter 13,5 sekund og 14,7 sekund. Samla sett gjev dette omlag 10 % fleire dekodingar på eit tettpakka band. Signalrapportane er no meir korrekte både for sterke og svake signal. For andre modus som FT4, JT4, JT65 og WSPR er det også gjort endringar som gjev betre dekoding.
Måten ein sender og dekoder meldingsformatet for EU VHF Contest er endra og er ikkje kompatibel med tidlegare versjoner. Alle som vil køyre contestar som nyttar meldingsformatet til EU VHF Contest må derfor laste ned den nye versjon 2.2.0 straks den kjem i endeleg utgåve. Det er også laga eit eige meldingsformat for WW Digi DX Contest som går siste helga i august.
Lukke til med testinga.
73 Frode LA6VQ