Siste nytt fra “DIGITAL” på bloggen:
WSJT-X versjon 2.7.0 og norsk brukarvegleiing er publisert
WSJT-X versjon 2.7.0 vart utgjeven 17. februar. Dette er ein ny hovudversjon (General Availability-versjon, GA) etter at den førre hovudversjonen (v2.6.1) kom i januar 2023. I mellomtida har det vore utgjeve åtte betaversjonar (release candidates) med nye funksjonar. Den nye versjonen finst for Windows 32 og 64 bit, Mac og Linux og kan lastast ned frå WSJT-X si heimeside.
Mellom dei meste interessante nye funksjonane er SuperFox, ein oppdatert versjon av FT8 DXpedisjonsmodus (Fox & Hound). DX-stasjonen (SuperFox) kan no sende til opptil ni stasjonar på samstundes, utan at det går ut over signal/støy-forholdet (SNR) frå DX-stasjonen. I praksis betyr dette ei forbetring på 10 dB i høve til vanleg FT8 DXpedisjonsmodus der Fox kan sende til maksmalt fem stasjonar. For å forstå korleis du skal bruke SuperFox, rår eg til at du brukar tid på å lese nøye gjennom WSJT-X SuperFox Brukerveiledning, norsk.
Versjon 2.7.0 inneheld også eit meldingssystem der ein under QSO-en kan sende andre meldingar til QSO-partneren sin enn dei vanlege med kallesignal, lokator, SNR, RRR/RR73 og 73. Dette kan vere QSY-meldingar der ein kan be den andre stasjonen om å flytte til ein annan frekvens, til dømes når ein ønskjer å køyre ein stasjon på eit anna band i ein konkurranse. Det kan også vere førehandsdefinerte meldingar av ulike slag om operasjon logging, signalkvalitet og anna.
For dei som driv med månerefleksjon (Earth-Moon-Earth, EME) inneheld versjon 2.7.0 eit nytt program QMAP, spesielt utvikla for dette, men også til bruk i andre samanhengar. I tillegg er nedlasting av radiostyringsprogrammet Hamlib forenkla, opplasting til PSK Reporter er blitt meir effektiv og det er gjort ein del andre forbetringar og feilrettingar. Meir detaljar om den nye versjonen finst i Release Notes.
Eg har også oppdatert den norsk brukarvegleiinga for versjon 2.7.0. Den finn du på WSJT-X 2.7.0 GA Brukerveiledning, norsk. Dersom du finn feil, trykkfeil eller andre manglar i brukarvegleiinga, er det fint om gjev beskjed. Sjefsutviklaren bak WSJT-X, Joe Taylor, K1JT, har melde ved publiseringa at det kan komme ei mindre oppdatering av brukarvegleiinga dei kommande dagane. I så fall blir den norske versjon oppdatert straks etterpå.
Lukke til med den nye versjonen av WSJT-X.
73, Frode LA6VQ
WSJT-X med ny betaversjon med FT8 SuperFox – eit nytt verktøy for DX-pedisjonar
WSJT-X 2.7.0-rc5 med FT8 SuperFox
WSJT-X: Endeleg versjon 2.6.0, ny nettstad, oppdatert norsk brukarvegleiing
Svaksignalprogrammet WSJT-X er no komme i endeleg versjon 2.6.0 og kan lastast ned frå WSJT-X, ny heimeside. Som mange nok har fått med seg, har WSJT-X sine heimesider vore utilgjengeleg nokre veker i samband med at Princeton University legg om server-strukturen sin. WSJT-X sine heimesider er no mellombels flytta til Sourceforge.net, ein nettstad for program med open kjeldekode. Det kan vere greit å bokmerke den nye nettstaden for WSJT-X.
Dei viktigaste endringane i WSJT-X 2.6.0 er nye knappar for direkteval av ulike modus og for Hound-modus, støtte for ARRL International Digital Contest, forbetringar for FT8- og Q65-modusa og for EME Echo-modus, operasjonsforbetringar for Fox-operatørar, forbetringar for redigering og oppdatering av frekvenslista og forbetringar for contest-logging. I tillegg har ein retta opp i større og mindre feil frå tidlegare versjonar.
Eg har også oppdatert norsk brukarvegleiing for WSJT-X 2.6.0. Som alltid høyrer eg gjerne om trykkfeil og unøyaktige omsetjingar.
Lukke til med WSJT-X 2.6.0.
73, Frode LA6VQ
Bergensgruppens Winlink node , QRV fra Askøy.
LA1B/Winlink ble i går 18 februar 2022 omplassert fra Stanghelle til Askøy. Flyttingen ble gjennomført etter avtale om innplassering i lokalene til «Foreningen Bergen Kringkaster», som også inntil videre låner ut en endefødet 80-10 antenne. Frekvensene til LA1B ser du her:
https://winlink.org/RMSChannels
Vi håper at flest mulig finner veien til disse frekvensene og tester Bergensgruppen sin stasjon i det internasjonale Winlinksystemet. I de periodene amatørstasjonen LA1ASK på samme QTH er aktiv, vil LA1B være utilgjengelig. Dette er gjort for å sikre sameksistens uten fare for gjensidig interferens, eller i verste fall ødelagte mottakerinnganger. Med på flyttesjauen var: LA7CFA, LA9DJA, LA1BS og LA4PM. Stor takk til LA7CFA og Foreningen Bergen kringkaster.
73 de LA4PM/Finn sysop LA1B/Winlink
WSJT-X 2.5.4 – Ny versjon med norsk brukarvegleiing
Det nye året vart innleidd med ny versjon 2.5.4 av det populære digitalmodusprogrammet WSJT-X. Denne versjonen inneheld hovudsakleg feilrettingar, m.a. retting av ein feil i v2.5.3 som gjorde at programmet kunne stenge ned under sending til stasjonar med “/” (skråstrek) i kallesignalet. Programmet og oppdatert norsk brukarvegleiing finn du på WSJT-X sine heimesider eller her på LA1B.no sine sider.
Lukke til med ny versjon.
Godt Nytt År og 73,
Frode LA6VQ
WSJT-X er kommen i versjon 2.5 med oppdatert norsk brukarvegleiing
Den 27. september 2021 publiserte WSJT-X-utviklarane den endelege versjonen av digitalmodusprogrammet WSJT-X 2.5.0 etter at seks betaversjonar har vore publiserte sidan tidleg i juni. Du finn WSJT-X versjon 2.5.0 for nedlasting på WSJT-X sine heimesider.
Versjon 2.5.0 inneheld vidareutviklingar av den nye modusen Q65 som vart introdusert i versjon 2.4.0. I tillegg er hjelpeprogrammet MAP65 komme i versjon 3.0. MAP65 samarbeider med Q65 for å betre resultata for JT65, særleg for EME-samband.
Riggstyringsmodulen Hamlib er også oppdatert til versjon 4.3.1, mest for å rette opp nokre feil som lurte seg inn i føregåande versjon.
Som vanleg har eg oppdatert den norske brukarvegleiinga. Den finn du på Bergensgruppen sine heimesider og på WSJT-X sine heimesider. Skulle du finne noko feil i omsetjinga, er det fint om du melder frå.
Lukke til med WSJT-X versjon 2.5.0.
73, Frode LA6VQ
Elektronisk logging, nettmøte 31. mai 2021
Den 31. mai 2021 kl 20.00 heldt Bergensgruppen nettmøte for medlemer og andre interesserte. Temaet var “Elektronisk logging”. LA6VQ Frode gjekk gjennom ulike sider av logging, elektronisk logging, krav til gode loggprogram, integrasjon mot nettbaserte QSL- og loggsystem og viste kort et lite utval av dei mest populære av dei meir enn 100 ulike program som finst for elektronisk logging. . Presentasjonen finn du her.
Mot slutten av presentasjonen demonstrerte Frode “live” opplasting av QSO-ar frå HRD Logbook til Logbook of the World og eQSL. Deretter viste han tilsvarande “live” nedlasting av eQSL og verifiserte QSO-ar frå Logbook of the World. Deretter hadde vi ei god runde med kommentarar, spørsmål og svar.
For dei som har lyst til å starte med Logbook of the World, finst det no ein betre brukarmanual enn den som finst på Logbook of the World sine heimesider. Frode held på med ei norsk omsetjing, men den norske utgåva ligg nok litt fram i tid.
Har du spørsmål om elektronisk logging, er det berre å ta kontakt med oss i Bergensgruppen, så skal vi nok finne ut av det.
Lukke til med elektronisk logging.