CONTESTING

CONTESTING2024-04-03T22:41:52+01:00

Siste nytt fra “CONTESTING” på bloggen:

WSJT-X er kommen i versjon 2.5 med oppdatert norsk brukarvegleiing

By |1.10.2021|Categories: Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Den 27. september 2021 publiserte WSJT-X-utviklarane den endelege versjonen av digitalmodusprogrammet WSJT-X 2.5.0 etter at seks betaversjonar har vore publiserte sidan tidleg i juni. Du finn WSJT-X versjon 2.5.0 for nedlasting på WSJT-X sine heimesider.

Versjon 2.5.0 inneheld vidareutviklingar av den nye modusen Q65 som vart introdusert i versjon 2.4.0. I tillegg er hjelpeprogrammet MAP65 komme i versjon 3.0. MAP65 samarbeider med Q65 for å betre resultata for JT65, særleg for EME-samband.

Riggstyringsmodulen Hamlib er også oppdatert til versjon 4.3.1, mest for å rette opp nokre feil som lurte seg inn i føregåande versjon.

Som vanleg har eg oppdatert den norske brukarvegleiinga. Den finn du på Bergensgruppen sine heimesider og på WSJT-X sine heimesider. Skulle du finne noko feil i omsetjinga, er det fint om du melder frå.

Lukke til med WSJT-X versjon 2.5.0.

73, Frode LA6VQ

WSJT-X 2.4.0 er tilgjengeleg, med norsk brukarvegleiing

By |27.5.2021|Categories: Contesting, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Det populære svaksignalprogrammet WSJT-X kom i ny versjon 2.4.0 som vart publisert 24. mai. WSJT-X 2.4.0 kan lastast ned frå WSJT-X si nettside. Denne versjonen inneheld ein ny modus som heiter Q65. Denne modusen erstattar ISCAT- og QRA-64-modusane. Q65 er spesielt tenkt for bruk på EME (signal via månen), ulike typar scatter-signal (via meteorar, troposfæren, fly, regn, etc.) og andre signaltypar med ekstremt svake signal, særleg med tanke på bruk på VHF og høgare frekvensar. I tillegg er det som alltid litt brukarforbetringar og retting av småfeil.

Som vanleg har eg oppdatert den norske brukarvegleiinga som no heiter WSJT-X 2.4.0 Norsk brukarvegleiing. Du finn den også på brukarvegleiingar til WSJT-X på WSJT-X si heimeside.

Skulle du finne feil og uklare formuleringar, er det fint om du gjev meg beskjed.

Lukke til med WSJT-X 2.4.0.

73, Frode LA6VQ

WSJT-X 2.3.1 og WSJT-X 2.4.0-rc4

By |16.4.2021|Categories: Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|Tags: |

Den digitale programvaren WSJT-X er kommen i to nye versjonar, ein endeleg versjon WSJT-X 2.3.1 og ein vidareutvikla betaversjon WSJT-X 2.4.0-rc4. Dei kan lastast ned frå WSJT-X si heimeside.

WSJT-X 2.3.1 inneheld stort sett mindre feilrettingar frå tidlegare versjonar (2.3.0 og tidlegare). Dette er ein endeleg versjon som kan brukast på vanleg måte. Norsk brukarvegleiing (på bokmål) til WSJT-X 2.3.1 finn du på linken WSJT-X 2.3.1 Norsk brukarvegleiing

Samstundes med den endelege versjon 2.3.1 kom også WSJT-X 2.4.0-rc4, som er den fjerde betaversjonen (“rc4” betyr “release candidate 4”) av WSJT-X 2.4. Utviklarane av WSJT-X reknar med at dei som tek i bruk betaversjonane melder tilbake til utviklingsgjengen om det er noko som ikkje verkar som ein skulle vente. Versjon 2.4.0-rc4 inneheld ein ny modus som vert kalla Q65 og som primært er tenkt å erstatte modusen modusen QRA64. Modusen ISCAT er også avlutta i denne versjonen. Q65 er særleg utvikla med sikte på bruk på VHF/UHF og høgare band til spesielt krevjande modus som EME, ulike scatter-modus (troposfærisk scatter, ionosfærisk scatter, regn-scatter, etc.) og transekvatorial propagasjon (TEP).  Linken til norsk brukarvegleiing er WSJT-X 2.4.0-rc4 Norsk brukarvegleiing.

Som alltid er eg takksam for kommentarar og feilretting av omsetjingane.

Lukke til med dei nye versjonane.

73, Frode LA6VQ

WSJT-X 2.3.0 er ute og brukarvegleiing på norsk er klar

By |1.2.2021|Categories: Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare|Tags: |

Programmet WSJT-X 2.3.0 kom i endeleg versjon i dag 1. februar 2021, etter fire betaversjonar sidan slutten av september 2020. Dei viktigaste endringane frå versjon 2.2.2, som kom i juni 2020,  er to nye modus kalla FST4 og FST4W. FST står for etternamna til K9AN Steven Franke, G4WJS Bill Somerville og K1JT Joe Taylor, dei tre hovedpersonane bak WSJT-X dei siste åra.

Dei nye modusa er særleg tenkt brukte på langbølge (LF) og mellombølge (MF), i praksis 600 meter- og 2200-meterbanda. Begge modusa finst i fleire submodus som er knytte til lengda på sende- og mottakssekvensane. FST4, som ikkje må forvekslast med FT4, har sendesekvensar mellom 15 sekund og 1800 sekund (30 minutt) og kan dekode signal med SNR frå -20,7 dB (15 sekund) til -43,2 dB (1800 sekund). FT8 dekoder ned til -21 dB og FT4 til -17,5 dB, så forbetringa er ganske stor.

FST4W verkar på same måten som WSPR, men er spesielt tilpassa bruk på MF- og LF-banda som gjerne har meir QSB og QRM enn kortbølgebanda. PÅ same måte som FST4 har også FST4W har fleire submodus med sende/mottakssekvensar som varierer mellom 120 sekund (som WSPR) og 1800 sekund. FST4W kan dekode signal med SNR frå -32,8 dB (120 sekund) til -44,8 dB (1800 sekund). Til samanlikning dekoder WSPR ned til -31 dB SNR.

Ut over dei to nye modusa er det gjort ein del feilrettingar og mindre forbetringar og justeringar frå versjon 2.2.2.

Som vanleg finn du siste versjon av programmet på WSJT-X sine heimesider. Der kjem også  den norske brukarvegleiinga når Joe Taylor får lasta den opp, men den norske brukarvegleiinga for WSJT-X 2.3.0 finst sjølvsagt også klar for nedlasting her på LA1B sin sider.

Skulle du finne feil eller forbetringar som bør gjerast i den norske omsetjinga, høyrer eg veldig gjerne frå deg.

Lukke til med den nye versjonen av WSJT-X.

73, Frode LA6VQ

WSJT-X 2.2.0 er klar for nedlasting

By |4.6.2020|Categories: Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

WSJT-X 2.2.0 i endeleg versjon vart tilgjengeleg for nedlasting 2. juni 2020. Den kan nedlastast frå WSJT-X sine heimesider.

Versjon 2.2.0 inneheld klare forbetringar av dekodinga for nesten alle modusa i WSJT-X. Til dømes dekoder FT8 no meldingane i tre omgongar mot slutten av kvar 15 sekunds mottakssekvens, første gong etter 11,8 sekund og siste gong etter 14,7 sekund. Når det er tett på bandet, gjev dette gjennomsnittleg 10 % fleire dekodingar. I tillegg er det no laga eige meldingsformat for WW Digi DX Contest (som kjem i slutten av august). Meldingsformatet for EU VHF Contest endra og er ikkje lenger kompatibelt med tidlegare versjonar av WSJT-X, så dersom du skal delta i contest som bruke dette meldingsformatet, du bruke den nye versjon 2.2.0.

Brukarvegleiinga for WSJT-X 2.2.0 er omsett til norsk og finst både på WSJT-X sine heimesider og på WSJT-X 2.2.0 Norsk brukerveiledning. Frå og med denne versjonen er grensenittet for WSJT-X førebudd også for andre språk enn engelsk og det vil eg nok også sjå på om litt.

Last ned WSJT-X 2.2.0  og prøv dei nye funksjonane.

Lukke til.

73 Frode LA6VQ

 

 

 

WSJT-X 2.2.0-rc3 klar for testing – med norsk brukarvegleiing

By |29.5.2020|Categories: Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

WSJT-X versjon 2.2.0 er kommen i betaversjon nr 3, kalla WSJT-X 2.2.0-rc3. Dersom du vil vere med på betatesting av dette svært populære programmet for svake signal, kan du laste det ned frå WSJT-X si heimeside.

Brukarvegleiing på norsk finst på Norsk brukarvegleiing for WSJT-X 2.2.0-rc3. Den er omsett til norsk av LA6VQ Frode.

Den viktigaste endringa i denne tredje betaversjonen er oppdatering av hamlib-koden som vert brukt til dataassistert styring av mange typar radioar. Elles er det nokre rettinger av mindre feil i dei to føregåande betaversjonane.

Det er venta at den endelege versjonen av WSJT-X 2.2.0 (dvs. utan -rc#) vert utgjeven første veka i juni.

God testing til dei som vil betateste og god pinse til alle.

73 LA6VQ Frode

 

Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"
Go to Top