CONTESTING

CONTESTING2022-01-05T14:40:49+01:00

Siste nytt fra “CONTESTING” på bloggen:

LN1B i CQ WPX SSB 2023 – Solutbrot, men likevel 1554 QSO-ar

By |28.3.2023|Categories: Aktiviteter, Contesting, HF-SEKSJON, Nyheter|

Reidar LA4XLA og Frode LA6VQ køyrde CQ WPX SSB Contest med LN1B frå Totland siste helga i mars. Dette er ein av dei aller største SSB-contestane i året og det er alltid stor aktivitet. Det var det også i år.

Laurdagen vart dessverre plaga med svært høge A- og K-indeksar pga. veldig kraftig utbrot på sola med mykje aurora. Bandstøy/steikepannefresing og signal med til dels kraftig “flutter” gjorde at det ikkje var mogleg å få til noko “run” av betydning. Sjølv om vi fekk meldingar om at vi hadde gode sterke signal, så det gjekk nokså seint med søking over fleire band. 10 meter var tydelegvis veldig god lenger sør i Europa og i Nord- og Sør-Amerika, men for oss var det frustrerande å kalle utan å bli høyrde. Natt til søndag var det liten grunn til å ofre somnen, så vi tok oss nokre timar på puta etter 768 QSO-ar.

På søndag var kondisjonane klart betre, men framleis ikkje gode. A-indeksen var framleis svært høg, medan K-indeksen hadde komme ned frå 9 (absolutt maks på skalaen) fredag morgon til berre 3-4 på laurdag morgon. Etter kvart vart det mogleg å halde på ein frekvens utan at splatter frå nærliggande stasjonar vart utåleleg, og vi fekk stort sett svar ganske raskt nar vi svarte på CQ. Det var fine long path-opningar mot Japan og Australia. Med beamen mot Argentina fekk vi køyrd både Sør-Amerika og Fjerne Austen/Oseania. På søndag ettermiddag og kveld kom det nokre fine run mot Europa og og Sør-og Nord-Amerika, men etter kvart la det seg eit nytt aurorateppe som blokkerte store delar av USA og Canada, før vestkysten opna opp nokre timar seinare. Utan typiske ettermiddags-run mot USA gjekk det litt tregt.

Det normale et at det blir færre QSO-ar på søndagen etter som mange stasjonar allereie er køyrde på laurdagen. I år gjorde den slakke laurdagen at det var det litt fleire QSO-ar på søndagen med 786 QSO-ar, til og med sjølv om vi hadde fem timar kortare operasjonstid på søndagen.

Stasjonen fungerer fint og Optibeamen gjev oss god effekt ut på 20 – 10 meter, medan vi har ein del å gå på når det gjeld antenner for 160, 80 og 40 meter. 160 m-loopen fungerer greit nok på dei låge banda, men den heng nok for lågt til å kunne konkurrere med meir tilpassa antennesystem, både på mottak og sending. 40 m-vertikalen fungerer også greit og gjev lav utstrålingsvinkel og bra DX, men ei rundstrålande antenne gjev lite punch i ein pile-up.

På svært tette band som under CQ WPX SSB og CQ WW SSB i oktober er det mykje splatter frå sterke stasjonar på nære frekvensar, så skarpare filter er også eit område der vi har forbetringspotensial. På dei låge banda er det også naudsynt å bruke attenuatoren for å dempe støy og splatter slik at signalet kjem betre fram.

Til slutt vart det 1554 QSO-ar, men utan bråk frå sola og tilhøyrande aurora burde det nok lett blitt både 500 og 1000 fleire QSO-ar.

Under finn du ein video av operasjonen frå LN1B søndag kveld med LA6VQ Frode ved mikrofonen. Videoen er teken opp av LA1SDX i Øygarden.

73, Frode LA6VQ

WSJT-X: Endeleg versjon 2.6.0, ny nettstad, oppdatert norsk brukarvegleiing

By |11.1.2023|Categories: Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare|

Svaksignalprogrammet WSJT-X er no komme i endeleg versjon 2.6.0 og kan lastast ned frå WSJT-X, ny heimeside. Som mange nok har fått med seg, har WSJT-X sine heimesider vore utilgjengeleg nokre veker i samband med at Princeton University legg om server-strukturen sin.  WSJT-X sine heimesider er no mellombels flytta til Sourceforge.net, ein nettstad for program med open kjeldekode. Det kan vere greit å bokmerke den nye nettstaden for WSJT-X.

Dei viktigaste endringane i WSJT-X 2.6.0 er nye knappar for direkteval av ulike modus og for Hound-modus, støtte for ARRL International Digital Contest, forbetringar for FT8- og  Q65-modusa og for EME Echo-modus, operasjonsforbetringar for Fox-operatørar,  forbetringar for redigering og oppdatering av frekvenslista og forbetringar for contest-logging. I tillegg har ein retta opp i større og mindre feil frå tidlegare versjonar.

Eg har også oppdatert norsk brukarvegleiing for WSJT-X 2.6.0. Som alltid høyrer eg gjerne om trykkfeil og unøyaktige omsetjingar.

Lukke til med WSJT-X 2.6.0.

73, Frode LA6VQ

WSJT-X 2.5.4 – Ny versjon med norsk brukarvegleiing

By |7.1.2022|Categories: Aktiviteter, Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare|

Det nye året vart innleidd med ny versjon 2.5.4 av det populære digitalmodusprogrammet WSJT-X. Denne versjonen inneheld hovudsakleg feilrettingar, m.a. retting av ein feil i v2.5.3 som gjorde at programmet kunne stenge ned under sending til stasjonar med “/” (skråstrek) i kallesignalet. Programmet og oppdatert norsk brukarvegleiing finn du på WSJT-X sine heimesider eller her på LA1B.no sine sider.

Lukke til med ny versjon.

Godt Nytt År og 73,

Frode LA6VQ

LA100B – Celebrating 100th anniversary

By |28.12.2021|Categories: Aktiviteter, Contesting, HF-SEKSJON, LA100B, Nyheter|

LA100B is the centenary call sign for “Bergensgruppen av NRRL” and will be used throughout 2022. Our usual call sign is LA1B and we also use LN1B in contests.

In 2022, Bergensgruppen av NRRL celebrates its first 100 years. Our club was founded on 25 November 1922 under the name Bergens Radio Amatør Klub (Bergen Radio Amateur Club).  The foundation took place in Hotel Transatlantic in Bryggen (the Wharf). It was only fitting that the club was founded in Hotel Transatlantic, only few months after the first transatlantic contact between radio amateurs.

After becoming a member of Norsk Radio Relæ Liga (Norwegian Radio Relay League, NRRL) when NRRL was founded in 1928, the club’s name was changed to Bergensgruppen av NRRL, in accordance with NRRL’s rules.

Centenary operating activities in 2022:

The operating activities will be based in the club station in Totland, Bergen, grid locator JP20RH.

LA100B will be activated throughout the year in many modes and the HF + 6 m bands. We will also use the centenary call sign in contests.

Awards in several classes will be offered for contacts with LA100B.

Activities will be announced on https://www.la1b.no/, in bulletins and social media.

Information and rules to be announced early January 2022

https://www.qrz.com/db/la100B

WSJT-X er kommen i versjon 2.5 med oppdatert norsk brukarvegleiing

By |1.10.2021|Categories: Contesting, Digital, HF-SEKSJON, Nyheter, Programvare, VHF/UHF|

Den 27. september 2021 publiserte WSJT-X-utviklarane den endelege versjonen av digitalmodusprogrammet WSJT-X 2.5.0 etter at seks betaversjonar har vore publiserte sidan tidleg i juni. Du finn WSJT-X versjon 2.5.0 for nedlasting på WSJT-X sine heimesider.

Versjon 2.5.0 inneheld vidareutviklingar av den nye modusen Q65 som vart introdusert i versjon 2.4.0. I tillegg er hjelpeprogrammet MAP65 komme i versjon 3.0. MAP65 samarbeider med Q65 for å betre resultata for JT65, særleg for EME-samband.

Riggstyringsmodulen Hamlib er også oppdatert til versjon 4.3.1, mest for å rette opp nokre feil som lurte seg inn i føregåande versjon.

Som vanleg har eg oppdatert den norske brukarvegleiinga. Den finn du på Bergensgruppen sine heimesider og på WSJT-X sine heimesider. Skulle du finne noko feil i omsetjinga, er det fint om du melder frå.

Lukke til med WSJT-X versjon 2.5.0.

73, Frode LA6VQ

Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"
Go to Top