Bergensgruppen representert i CQ World Wide Contest Committee

Bergensgruppen representert i CQ World Wide Contest Committee

Etter førespurnad frå CQ World Wide Contest Director våren 2018, er LA6VQ Frode sidan hausten 2018 nytt medlem av CQ World Wide Contest Committee.

CQ World Wide Contest Committe står for gjennomføringa av CQ World Wide-contestane for SSB og CW i slutten av oktober og november. Dette er dei to største konkurransane for radioamatørar med fleire titusen deltakarar kvart år. Sist år var det mellom 8000 og 9000 innsende loggar i kvar av dei. Komiteen har ansvar for konkurransereglane, overvaking av konkurransane medan dei pågår, mottak og sjekking av loggar, utsending av loggsjekkingsrapportar til alle deltakarar og utarbeiding av resultatlister. Komiteen avgjer også diskvalifikasjonar og deler ut åtvaringar til deltakarar som bryt konkurransereglane.

I komiteen har Frode mellom anna fått ansvar for å sjå på korleis contest-komiteen kan bruke sosiale media for å promotere contestane og kommunisere med alle som er interesserte i radiosport og som har idear om korleis ein kan forbetre contest-opplevinga til deltakarar og andre involverte.

Dersom du har forslag til til forbetringar av CQ World Wide-contestane, vil eg gjerne høyre frå deg. Dette gjeld både norske og nordiske radioamatørar. E-postadressen finst på QRZ.com. I tillegg finst eg på Facebook og Twitter.

73 Frode LA6VQ

By |2019-01-31T18:49:55+00:0031.1.2019|Contesting, HF-SEKSJON, Nyheter|
Bergensgruppen av NRRL, Totlandsvegen 501, 5226 Nesttun.
Bruk "Kontaktskjema [LINK]"