Ny utgåve av “Ethics and Operating Procedures for the Radio Amateur”
Det har skjedd ein del i amatørradio i dei snart 15 åra sidan 3. utgåve av IARU sin publikasjon “Ethics and Operation Procedures for the Radio Amateur” kom ut. IARU sette derfor ned ei arbeidsgruppe for ei tid sidan for å oppdatere publikasjonen. Arbeidsgruppa har no lagt fram eit utkast til den 4. utgåva til kommentar.
Dette utkastet til den 4. utgåva er vesentleg omarbeidd frå tidlegare utgåver. Utkastet vart gjort tilgjengeleg for nedlasting frå NRRL sine nettsider for nokre veker sidan, slik at norske radioamatørar skal kunne komme med sine kommentarar til utkastet. Dessverre er NRRL sine nettsider framleis ute av drift. Den nye utkastet til etikk og operasjonsprosedyrer kan derfor lastast ned frå denne linken på Bergensgruppen sine heimesider.
Kommentarar kan sendast til e-postadressen:
eop@nrrl.no
innan 18. juli 2025.
NRRL vil deretter samanfatte kommentarane i ei samla tilbakemelding til IARU og arbeidsgruppa. Alle kommentarar er velkomne, og dess meir konkrete dei er, dess enklare vil det vere å kunne få dei innarbeidde i den endelege utgåva.
God lesnad og kom gjerne med kommentarar.
73, Frode LA6VQ