Bergensgruppen leverer nytt opplag av læreboka

Bergensgruppen har no levert andre opplag av læreboka til NRRL “Veien til internasjonal radioamatørlisens – Den nye radioamatørens ABC”. Boka, som kom ut første gong sommaren 2014, vart ein stor suksess og boka vart utseld frå NRRL i vinter. I april 2015 leverte Bergensgruppen nytt opplag av læreboka til NRRL. I andre opplag har vi retta opp nokre småfeil i figurnummerering, symbolbruk og andre trykkfeilar. Også nokre upresise formuleringar er omskrivne. Boka vert tilgjengeleg i NRRL sin nettbutikk

[LINK] og under Norsk Hammeeting 2015 [LINK] på Letohallen 10.-12. april 2015.

Frode Igland, LA6VQ
Redaktør

Den_nye_radioamaorens_ABC