Scandinavian Activity Contest SSB 2016 – vel blåst frå LN1B

By |2017-01-01T16:08:33+01:0010.10.2016|Aktiviteter, Contesting, HF-SEKSJON, Nyheter|

SAC SSB 2016 gjekk av stabelen laurdag 8. og søndag 9. oktober og LN1B kan seie seg nokolunde nøgd med innsatsen. Med 792 teljande QSO-ar og 137 multiplikatorar var forholda brukande – ikkje strålande, men klart betre enn i fjor. 40 m og 20 m vart som venta hovudbanda, men mot slutten på søndag kom 15 m bra inn med ein del DX og nokre fine multiplikatorar som løfta oss akkurat framom nestemann. Vi sveipa innom 10 meter innimellom, men fann ingen der.

161009-sac-ssb-2016-helge-lb5wb-i-full-konsentrasjon-gar-glipp-av-den-vakre-solnedgangen

Helge LB5WB er fullt konsentrert på CQ, lytting og logging under SAC SSB 2016. Først no får han sjå den vakre vakre solnedgongen i vest. Foto: LA6VQ Frode

I tillegg til å kalle CQ (Run) nesten kontinuerleg i 24 timar på hovudstasjonen, plukka vi ein del multiplikatorar på Irmis LB1AH sin Yaesu FT-991 med 100 W, T2FD-antenna (Tilted Terminated Folded Dipole) og bandpassfilter for kvart band. Bandpassfiltera fungerte fint når vi køyrde run-stasjonen på beam-antenna, men greide ikkje å filtrere godt nok når vi køyrde full effekt på 80/40-dipolen. Det er knapt å vente med kort avstand og tilnærma horisontal polarisering på begge antennene. Til seinare contest-ar vil vi nok trenge betre filtrering dersom vi skal “plukke multer” på ein eigen stasjon.

Loggprogrammet N1MM Logger+ fungerte fint. Nettverksversjonen for N1MM Logger+ er lett å setje opp og fungerer heilt fint i bruk. QSO-nr vert fordelt utan problem, men vi hadde ein kort periode der radio og N1MM Logger+ ikkje var på same band, slik at vi fekk varsel om duplikat-QSO på fleire stasjonar som insisterte på at vi ikkje hadde køyrt dei på same band. Vi fann det ut etter kort tid, og meiner at vi har fått rett band på alle QSO-ar.

161008-sac-ssb-reidar-la4xla-og-irmis-lb1ah-sjekkar-multer

Reidar LA4XLA og Irmis LB1AH sjekkar utsiktene for “multeplukking” under SAC SSB 2016. Foto: LA6VQ Frode

Basert på 560 innsende loggar måndag ettermiddag, ligg LN1B førebels på andreplass i Multi-One-klassen med 230 297 poeng (“claimed”, dvs. før loggsjekken) bak SK6AW.

Vi har imidlertid berre 152 poeng meir enn nr 3 som er SC3A, så her blir det viktig at vi har logga korrekt og unngår for mykje trekk i loggsjekken. OH1F har ikkje sendt inn sin logg enno. Poengsummen deira på CQ Contest sin live-score er over 600 000 poeng, og dei vil nok vinne Multi-One-klassen. Det kan sjølvsagt også dukke opp andre som vi ikkje veit om, så vi får berre vente spent på resten av loggopplastinga og ikkje minst loggsjekkinga.

Loggen er opplasta både til SAC-test sine heimesider og til NRRL Cup. Køyrer de contest-ar er det forresten fint om de hugsar å laste opp loggen også på NRRL Cup sine heimesider  og registrerer LA1B som klubbkallesignal i tillegg til dykkar eige kallesignal.

Takk til årets LN1B-team som bestod av Helge LB5WB, Reidar LA4XLA, Johnny LA1VNA, Irmis LB1AH og Frode LA6VQ. Det er god plass i vaktlista til fleire, så det er berre å hive seg med ved seinare contest-ar.

73 de Frode LA6VQ